Veiledning

Støtte til handverkskurs og seminar

Formålet med ordninga er å bidra til at kulturminne- og miljø får auka merksemd i Noreg. Kulturminnefondet ynskjer gjennom økonomisk støtte å bidra til at møteplassar vert etablert, og at relevante faglege tema vert teke opp.
Kulturminnefondet vonar også aktivitetane kan stimulere til utvikling av samarbeidsrelasjonar og kompetanseoverføring mellom næringslivet og eigarane av kulturminne.

Styret i Kulturminnefondet har avsett midlar til dette, og søknadene vert behandla fortløpande gjennom året.

Kva vert prioritert
  • Aktivitetar som gjev grunnlag for kompetanseheving innanfor eldre tradisjonshandverk.
  • Kurs/seminar i lokalsamfunn og regionar der det ikkje har vore slike aktivitetar tidligare.
Kva støttar vi ikkje
  • Allereie avhaldne kurs/seminar
Kven kan søke

Målgruppe for ordninga er private eigarar, lag, foreiningar og frivillige organisasjonar som arbeider for å auke kunnskapen om å bevare kulturarven.

Søknaden sendes inn på vår elektroniske søknadsportal »

For å søke om tilskot til handverkskurs og seminar sender du oss søknad med
  • Namn på søkjar med kontaktinformasjon (postadresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer eller organisasjonsnummer og adresse for kurset/seminaret).
  • Skildring av det faglige innhaldet i kurset/seminaret og om samarbeidspartar.
  • Budsjett som viser kostnader og korleis dette skal finansierast, inklusiv beløp det vert søkt om. Det skal opplysast om eventuell kursavgift.
Føresetnader
  • Sluttrapport med oppmoding om utbetaling sendast til Kulturminnefondet så fort kurset/seminaret er gjennomført.
  • Arrangementet skal dokumenterast ved ei kort skildring, foto, program, deltakarlister og regnskap.
  • Utbetaling vert gjort på etterskot ved godkjenning av sluttrapport og rekneskap.
  • Forskrift for Kulturminnefondet gjeld for ordninga (klikk her) »
Kontaktinformasjon

Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros
Tlf.: 73 10 36 00
post@kulturminnefondet.no

Kven kan søke?
  • Målgruppe for ordninga er lokale eldsjeler, lag, foreiningar og frivillige kulturvernorganisasjonar som arbeider for å høgje medvitet om viktigheita av å bevare kulturarven.
  • Vi prioriterer tilskot til lokalsamfunn, foreningar og regionar der det ikkje har vore slike aktivitetar tidligare.
  • Aktivitetar som kan gje grunnlag for kompetanseheving innanfor tradisjonshandverk prioriterast.
Søk her

Søknaden sendes inn på vår elektroniske søknadsportal »
Dei som ikkje har tilgang til internett, kan søke per post.

Kontaktinformasjon

Kulturminnefondet, Bergmannsgata 17, 7374 Røros
Tlf.: 73 10 36 00
post@kulturminnefondet.no


X

Del dette med en venn