Steinfjoset på Sygard Svare

Kulturminnefondet har bidratt med tilskudd til restaureringen av steinfjøset på Sygard Svare i Vågå.

I vurderingen heter det at fjøset er sjeldent og er viktig å ta vare på. Bygningen er svært spesiell når det gjelder byggemåten, det er store steinheller som står på høykant i murverket. Det har vært lange tradisjoner for muring av steinfjøs i Gudbrandsdalen, men dette fjøset er avvikende fra den vanlige måten å bygge slike fjøs på, noe som gjør det svært verdifullt.

Sted

Vågå kommune, Innlandet

Landbruk

Landbruk

Restaurert steinfjos frå 1836 på Sygard Svare

– Det vart fortald at dei samla på stein i seks-sju år før dei bygde steinfjoset i 1836, fortel Randi Flåten som eig både Sygard Svare og nabobruket Huden i lag med ektemannen Steinar Håkenstad.

Tekst og foto: Kjell Nyhus

Sjølve bur dei i Huden som er heimplassen til Randi. Der har dei både restaurert og bygd på og fått ein romslag fin bustad med god utsikt nedover Skogbygda mot Vågåmo. At sola skin tre timar i Huden på mørkaste tida set dei båe pris på – ikkje minst i ein kald start på det nye året.

Døgnet rundt

– Steinar brukar både natt og dag på restaurering, fortel Randi med eit glimt i auga til Steinar. Han har eit stort pågangsmot, og han får til det meste. Steinar svarar med å fortelja at han ikkje kan å lafte, men at han har drive med bygging og restaurering kvart einaste år i ei årrekke. Når han fortel at dei i alt hadde 48 hus med tak på nede i bygda og i fjellet før sonen til Steinar, Torstein, fekk overta landbruksdelen som vart frådelt, forstår vi at dette blir ein levemåte.

Steinar vart ikkje overraska da Randi ringde han med melding om at ho hadde kjøpt seg ein gard til i tillegg til Huden. Med sterke slektskapsband til Sygard Svare som ho også hadde budd på, såg Steinar for seg at dei måtte ta best mogleg vare på husa på garden sjølv om dei ikkje skulle bu der sjølve. Dei leiger bort både nedre og øvre stugu, for som Randi seier så har ikkje husa godt av at dei står tome. Eller som Ola Bremnes seier det: Folk treng hus, og husa treng folk.

Sygard Svare ligg solrikt til oppi Sogbygda i Vågå. Foto: Kjell Nyhus

Steinfjoset

Gjennom eit godt samarbeid med Geirr Vetti frå Luster kom det fire sherpaer frå Nepal som var ekspertar på muring med stein til Sygard Svare i 2019. Ein av dei hadde tidlegare vore i Gjendebu, og både i Nordherad og på stigen opp mot Besseggen har sherpaer nytta steinkunnskapen sin. Mesteparten av steinmuren vart teke ned og lagt utover rundt fjoset, og dei mest sentrale større steinane vart merka av dei fire sherpaene som budde på garden under restaureringsarbeidet. Med hjelp av gravemaskin med steinklo som tok dei største og tyngste steinane brukte dei 19 dagar på å mure opp att murane på steinfjoset.

Sherpaene snart ferdige med ny mur under fjoset. Foto: Steinar Håkenstad

Det er store dimensjonar på muren: 15,5 m langt, 8 m brei og med 4,5 m høg mur på utsida. Murbreidda er på ein meter. Sherpaene brukte meir stein og mindre fyllmasse enn originalmuren, så det måtte køyrast fire ekstra billass med stein for å få nok stein til heile muren. Da oppdaga Randi at stein ikkje er gratis!

Trehuseksperten A/S tok med seg det tømmeret som kunne brukast og lafta opp att fjøset og mosetrevet innandør i industriområdet før dei frakta det opp til garden att og monterte det opp på steinmuren. Trevet over fjoset har vore brukt til å lagre og turke mose som var ein verdifull naturressurs for dyra før i tida. Det var kyr på Sygard Svare fram til 1964.

Steinar og Randi er takksame for bidraget frå Kulturminnefondet på åtte hundre tusen til restaureringa av steinfjoset, som hadde ein totalkostnad på 1,5 mill. kroner inkl. eigeninnsatsen.

To-tre andre instansar støtta opp med om lag hundre tusen kroner.

Eigarane kan gle seg over ny mur, og nytt lafta fjos og trev. Foto: Kjell Nyhus

Mange freda og verneverdige hus

Vågå er den kommunen i landet som har flest freda hus, i tillegg til svært mange verneverdige hus.

Det er svært mange verneverdige hus på Sygard Svare. Våningshuset (nedre stugu) er frå 1764 og vart restaurert i 1980, same året som fyrste traktoren kom til gards. Øvre stugu er frå 1848, stallen frå 1880, og geithuset frå 1899 er bygt saman med låven. Det eldste huset er truleg eit stabbur frå 1700, og bak øvre stugu står ei restaurert kornbu med to store skiferheller på kvar side av inngangen. Randi fortel vidare om purkehus, kalvehus, smie og eldhus som er det fyrste huset du møter når du køyrer inn mot tunet.

Stallen neste prosjekt

Nedanfor vegen mellom Sygard Svare og Huden ligg smia som var svært forfallen. Med hjelp av Tor Myrum som laftar er denne snart fullrestaurert. Steinar og Randi gjev seg ikkje med dette. Neste prosjekt er stallen som står ved sida av steinfjoset. Når ein står nede i tunet og ser opp på stallen som bikkar utover forstår ein godt kvifor Randi gjev Steinar så gode skussmål for innsatsen døgnet rundt med å ta vare på den fine kulturarven som Sygard Svare representerer. Husa treng folk som også ikkje bur i dei.