Sætre Gård som levande kulturminne

Sætre Gård i Akershus har ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1330. Med støtte frå Kulturminnefondet har garden blitt restaurert for å sikre si historiske verdi og halde fram som ein arena for kulturopplevingar og fellesskap i lokalsamfunnet.

Sted

Sætre, Akershus

Fast kulturminne

Forsamlingshus

Sætre Gård – eit kulturminne med høg verdi

Sætre Gård står att som den siste delen av det gamle sentrum på Sætre.

Gården har ei lang historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1330, då Ingrid frå Sætre var i Oslo for å selje eigedom, ifølgje eit diplom frå denne tida. Nokre år seinare kom Svartedauden, og garden vart lagt øyde. Det er uklart når garden vart teke i bruk igjen, men den er nemnd i eit skatteregnskap midt på 1500-talet.

I ei lagrettsdom frå 6. oktober 1599 vart områda sør for Sætreelva tilkjent Anders Huitfeldt, medan områda nord for elva framleis skulle høyre til Per Åros.

På midten av 1800-talet fekk garden si nåverande form. Anders Iversen Sætre, fødd i 1841, kjøpte garden av onkelen sin i 1867. Han fullførte bygginga av dagens hovudbygning, som framleis står. Anders var ein sosialt engasjert person og var ordførar i Hurum to gonger. Sonen hans, Hans Sætre, fødd i 1872, overtok garden og vart òg ordførar i Hurum. Under deira tid opplevde Sætre Gård storheitstida si med isproduksjon frå Øvre, Midtre og Nedredammen.

På 1940-talet vart gardsdrifta avslutta, og garden vart delt mellom døtrene til Hans og Petra Sætre. Våningshuset med bryggerhuset, hagen og badehuset gjekk til dottera Asta, som seinare vart svigermora til Bodil.

Vi kom fyrst i kontakt med Kulturminnefondet da vi hadde behov for faglig assistanse på laftabygg, fortel styremedlem Tormod Brekke. Han var godt nøgd med hjelpa dei fekk av fagfolka på Røros.

Bygningane på Sætre Gård

Hovudbygningen
Hovudbygningen, som måler 7 x 25 meter, vart oppført i tre omgangar. Den midtre og søndre delen er lafta, og dei to delane står laust inntil kvarandre under eit ytre panel som vart lagt på seinare. Den nordre delen er oppført som innmura bindingsverk. Under oppussing av kjøkenet fann ein ein avis frå 1870, noko som tyder på at bygningen fekk si noverande form på 1870-talet. Bygningen er kledd med panel og har to trapper i granitt.

Badehuset
Badehuset, som truleg er frå 1922, er det siste originale badehuset ved Oslofjorden frå denne perioden. Det er i dag eit symbol for Sætre.

Bryggerhuset
Bryggerhuset vart opprinneleg bygd i Lier, men vart kjøpt, demontert og sett opp igjen på Sætre Gård i 1941. Det har ein spesiell og vakker konstruksjon.

Hovudbygningen og badehuset er klassifiserte som svært verneverdige, medan bryggerhuset er verneverdig. Dette inneber at det ikkje kan gjerast endringar på bygningane sitt ytre, og at berre gjenbruk og godkjente materialar kan nyttast til vedlikehald og reparasjonar.

I 2013 vart Stiftinga Sætre Gård etablert for å ta vare på garden. Føremålet er å halde eigedomen ved like på antikvarisk forsvarleg vis og bruke han til kulturarrangement som skaper tilhøyrsle i lokalsamfunnet. Stiftinga kan òg drive utleige og annan inntektsbringande verksemd, så lenge dette ikkje kjem i konflikt med føremålet.

Vi ynskjer ein aktiv bruk av Sætre Gård, seier styreleiar Dagfinn Straigth. Han viser til at garden skal være open får ålmenta sidan den ligg så sentralt i Sætre sentrum.

Stiftinga arrangerer konsertar, forfattartreff og kunstutstillingar. For å sikre inntekter driv dei òg cafe og restaurant som er ope sju dagar i veka. Drifta er basert på frivillig innsats, og styret tek ikkje imot honorar for arbeidet sitt. Dei frivillige hjelper med alt frå vedlikehald av bygningar og hage til opp- og nedrigging av arrangement.

Folk blir fort glade i denne staden fordi vi har teke vare på alt det gamle for å skapa eit ekte miljø. Mitt inntrykk er at besøkjande er særs nøgde avsluttar styreleiaren.

Kulturminnefondet si støtte

Kulturminnefondet har gjeve fleire tilskot til restaurering av Sætre Gård, inkludert badehuset frå tidleg 1900-tal, vindauge på hovudbygningen, bryggerhuset og arbeid med grøfter og drenering. Fondet har òg støtta istandsetting av tak og eit formidlingsprosjekt der garden si historie skal bli presentert gjennom film.

Sætre Gård er ikkje berre eit vakkert kulturminne – det er òg eit levande samlingspunkt for kulturopplevingar og fellesskap.