Frisvold Nørdre Uppistuggun

I 2014 fekk Åsne støtte frå Kulturminnefondet til strakstiltak for å hindre ytterlegare skader, men sjølv om desse tiltaka hjalp litt, var det ikkje nok til å stoppe forfallet. I 2018 vart det klart at meir omfattande arbeid måtte til for å sikre at stabburet ikkje skulle rase ut. 

Takarbeidet har vore eit stort prosjekt. No er taket tilbake i sin opprinnelege form, med never og torv som det var i gamle dagar.

Sted

Garmo, Lom Kommune

Fast kulturminne

Hus og anlegg

Med hjarta for stabburet

Åsne Dalåmo på Frisvold nørdre uppistuggun i Garmo har alltid hatt sterke kjensler for stabburet på garden. Ho fortel om barndomsminne fylt med varme og lys, der dei solsvidde laftestokkane på stabburet står som eit vitnesbyrd om både tid og tradisjon.

Stabburet har stått på same plassen så lenge vi kjenner til det. Det har to høgder, sval i front og trapp i svalgangen. Tidlegare stod eit mindre hus ovanfor i skråninga, men no er det stabburet som er hovudbygningen. Det er fundamentert med mur inn mot tunet og mur mot jordbakken, og elles står det på stabbar – som ein del av det vakre kulturlandskapet. 

No er det sonen hennar, Olaf, som har overteke garden. Men for Åsne, som ser tilbake på barndomen, er det ekstra spesielt at ho sjølv fekk sette i stand stabburet før den yngre generasjonen tok over. Det var noko heilt unikt ved å få gje nytt liv til denne gamle bygningen, som har sett så mykje gjennom tidene. 

Men det var ikkje utan utfordringar. Då kontakten vart etablert med bygningsvernrådgjevar Håvard Syse frå Gudbrandsdalsmusea, blei det raskt klart at stabburet hadde store problem. Forskyvinga av stabbane var så stor at bygningen var i ferd med å velte. I tillegg var taket i svært dårleg stand – den gamle taktekkinga med never og torv hadde blitt dekka med sandstein på 1950-talet som eit midlertidig reparasjonstiltak, men dette hadde etter kvart gjeve opp. 

Med klimaendringane og stadig meir bakkekontakt frå tung trafikk på vegen som gjekk nær stabburet, vart det ein akutt situasjon. Dette stabburet, ved kyrkjevegen som ein gong var dimensjonert for hest og kjerre, var no i ferd med å bli innhenta av tida. 

Eg er kjempeglad for støtta eg fekk frå Kulturminnefondet. Det har betydd alt. Utan den hjelpa hadde eg ikkje fått i stand stabburet. Eg er så takksam for at vi kunne redde det. 

Ho sender også ei stor takk til handverkarane frå Bakke og Bergli som utførte restaureringsarbeidet, og utan deira innsats hadde det ikkje vore mogleg å gjenskape den gamle glansen. 

I 2014 fekk Åsne støtte frå Kulturminnefondet til strakstiltak for å hindre ytterlegare skader, men sjølv om desse tiltaka hjalp litt, var det ikkje nok til å stoppe forfallet. I 2018 vart det klart at meir omfattande arbeid måtte til for å sikre at stabburet ikkje skulle rase ut. 

Takarbeidet har vore eit stort prosjekt. No er taket tilbake i sin opprinnelege form, med never og torv som det var i gamle dagar. Nokre åsar og taktro har blitt skifta ut, og taket er tett for åra som kjem. Stabburet er også blitt stabilisert og justert gjennom masseutskifting, drenering og plassering av steinar under stabbar, samt restaurering av både mur og svalgang – eit arbeid som har gjort bygningen både sterkare og meir solid. Og ikkje minst har den fått tilbake si sjarm og det ekte uttrykket som berre gamle bygningar kan ha. 

For meg er dette stabburet eit minne frå svunnen tid, seier Åsne rørd. Det gjev meg varme kjensler, og eg hugsa godt at eg sat på stabburstrappa som lita jente. Det var der eg fann roen, og der eg hadde tid til å reflektere og utforske. Eg huskar eg drog slipsteinen og leikte blant dei gamle tinga som var samla der. 

Stabburet på Frisvold er meir enn berre ein bygning – det er eit stykke historie, eit minne om ei tid som ikkje er, men som lever vidare i kjenslene til dei som har fått vere ein del av det. Det er ein påminnelse om kor viktig det er å ta vare på det som er verdifullt, og kor sterkt eit band vi kan få til det som har vore – med hjarta for det som ligg bak oss, og for framtida som vi no er med på å forme. 

Stabburet står no støtt i landskapet, ein stad å søke ro og refleksjon, ein skatt som gjev både varme og livskraft til dei som kjem for å sjå og kjenne på historia