Rønneberghuset

Tilskudd er til følgende på hovedbygget: sanering og deponering av eternittak, utbedring av råte- og insektskader i takkonstruksjon, behandling av treverk med Boracol, remontering av eksisterende tro, legging av nye sutaksplater, legging av nytt trolag oppå sutak, montering av nye lekter, montering av ny skifer, montering av nye takrenner, nedløp, beslag, mønekammer, pipekledning, og istandsetting av raft og gavldekor. Demontere og reparere originale vindusomramminger, kopiere vindusomramminger der disse mangler, skifte ca. 80 % av panel, restaurering av mindre ornamenter og reparere råteskader i vannbord.

På eldhuset gis det tilskudd til å reparere tak og takkonstruksjon, remontere opprinnelig takstein med supplering av tilsvarende stein, reparere vinduer og dører med belistning.
På stabburet gis det tilskudd til å reparere tak og takkonstruksjon, remontere opprinnelige takskifer med supplering, reparere vinduer og bygge klokketårnet opp igjen. Begge bygningene skal skrapes og males med linoljemaling.

Sted

Larsnes, Sande Kommune i Møre og Romsdal

Verdiskaping

Verdiskaping
Kristoffer Rønneberg, den første Rønneberg på Larsneset i 1803. Foto av faksimile: Inger Anne Almestad
Inngangspartiet med tilbakeførte farger. Foto: Inger Anne Almestad
Frukostaslen med handtrykt tapet frå Sverige. Foto: Inger Anne Almestad

7 lag tapet, den eldste var trykt på ubleikt tjukt papir med blå medaljongar, truleg frå Frankrike. Rokokko, jugendstil, art deco, blomemønster frå 40-talet og funkisstil frå 50- og 60-talet gøymde seg i Rønneberghuset då Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen tok over og byrja med rehabilitering.

Som fortalt av Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen i Rønneberghuset.

Historia om Rønneberghuset starta med Kristoffer Rønneberg. Han utvandra frå Jæren i 1753, kom til Sunnmøre fattig som ei kyrkjerotte og døde i 1824 som Sunnmøres rikaste mann. Han kjøpte Larsneset på tvangsal i 1803, og eine sonen, Rasmus tok over eigedomen og utvikla den til ein viktig handelsstad på Sunnmøre. I 1878 brann dei fleste av husa på Larsneset ned til grunnen. Berre bakeriet og ei sjøbu stod attende. Allereie året etter står dei nye husa oppført.  

Bygningsmassen på hovedhuset er 400 kvm fordelt på to etasjar, i tillegg er det ein flott kjellar under 1/3 av huset. I tillegg er det eit eldhus og eit stabbur på til saman rundt 150 kvm. I 2016 gjekk eigendomen ut av familien og ble seld til Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen.  

 

Ukjent terreng

Ofte aner ein ikkje heilt kva ein gjev seg ut på når det gjeld istandsetting av gamle hus. Men at det har vore eit eventyr med ulike dimensjoner er det ikkje tvil om. Vi fekk utarbeida ein tilstandsrapport då vi kjøpte huset. Det har vore ein fin guide på vegen, men ein må alltid rekne med at noko ekstra dukkar opp. 

Vi starta opp med å avdekke historia lag for lag på vegger, tak og golv. I bestestova fant vi 7 lag tapet, den eldste var trykt på ubleikt tjukt papir med blå medaljongar, truleg frå Frankrike. Der var rokokko, jugend, art deco, blomemønster frå 40-talet og funkisstil frå 50 og 60 talet.  

Hageplanen. Foto av faksimile: Inger Anne Almestad

På 60-talet vart Rønneberghuset modernisert. Skifertaket vart bytta ut med raud og grønruta eternitt. Nesten alle vindauga i fyste etasje vart bytta til husmorvindauge, som alle var både punkterte og rotne i 2016. Alle tak og vegger vart plata inn og golva vart dekt med både plater og belegg. Ein del tak vart senka, noko som var heilt vanleg på den tida, og det vart laga nytt moderne kjøken og baderom. Denne innplatinga har berga verdifull informasjon samt beskytta treverk som var i tak, samt listverk. Dei fleste dørene var heldigvis tekne vare på. Deler av huset var råteskada grunna lekkasje i takkonstruksjonen. Det var store og gjennomgripande skader både i bæring, gulv og veggar.  

Foto: Ma Ortiz

De store prosjektene

Det første store prosjektet var restaurering av vindauga. Her fekk vi støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. Vindauga i 1.etg vart produsert nye etter kopi av eit gamalt vi fant, dei gamle vindauga vart pussa, kitta om og malt med linoljemaling.  

Neste store prosjekt var omlegging av tak og vøling av ornamenter. Yttertaket fekk tilbakeført over 400 kvadratmeter firkantskifer. Det meste av dekor og ornamenter måtte kopierast og produserast. Prosjektet var støtta av Kulturminnefondet og Uni Stiftelsen. Prosjekt nummer tre var vøling av utvendig panel og dekor. Ytterkledninga var malt med moderne og tett maling og store deler måtte skiftast ut med kopi av den gamle høvla malmfurua. Også denne gangen fekk vi støtte frå Kulturminnefondet.  

 For to år sidan starta vi restaurering av stabbur og eldhus, også her med støtte frå Kulturminnefondet. Dette arbeidet er ikkje avslutta enno, men taka er berga, vindauge og ornamenter er på plass og husa er i ferd med å verte malte. Til sumaren 2022 skal dette arbeidet stå ferdig. 

 

Fransk forbindelse

I 2019 var det meste av huset restaurert innvendig. Sidan då har vi drevet selskapsverksemd i huset. Det er både historiske og staselege rammer rundt dei ulike selskapa vi har halde. Då er det med historieforteljing om folk og hus, samt staseleg oppdekking og mat laga med fransk touch, i tråd med den koplinga handelsverksemda her på eigedomen hadde med Frankrike gjennom import av cognac og andre edle dråper. Når uthusa er restaurerte vil desse også verte nytta til selskapsverksemda. Å tilby overnatting er også noko vi har tankar om. Noko som også er spanande er at vi har funne ein gamal hageplan, den har vi også svært lyst til å setje ut i livet. 

Den franske medaljongtapeten frå 1879. Foto: Inger Anne Almestad

Gode handverkarar er viktig for slike store prosjekter. Her har vi hatt god hjelp av lokale krefter. I tillegg til økonomisk støtte har også støtte frå familie og bygdefolk mykje å seie i eit slikt prosjekt. Vi føler at vi har blitt heia fram på vegen. Støtte og hjelp frå familie har vore uvurderlig. 

 

 

Alt godt frå 

Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen 

@ronneberghuset 

www.ronneberghuset.no