Sikringstiltak

Sikringstiltak er meint som ei fyrstehjelp og kan være akutte, midlertidige tiltak du må gjera for å hindre ytterlegare forfall av kulturminnet. Denne ordninga gjeld difor tiltak som skal gjennomførast raskt. 

Sikringstiltak kan være eit godt grep for rask sikring av kulturminnet i tilfelle der du trenger meir tid før du kan gå i gang med eit større prosjekt.

Støtte til større, meir permanente tiltak for bevaring av kulturminne og kulturmiljø søkjer du gjennom ordningane for faste kulturminne, fartøy og båtar, og rullande og bevegelege kulturminne.

Døme på sikringstiltak: 

Midlertidig tetting av taklekkasje med presenning. Oppstøtting/avstiving av vegg som er i ferd med å kollapse eller sette opp plater for å tette manglande vindauge. Eller liknande sikringstiltak.

Har du spørsmål om støtte til sikringstiltak, finn du kontaktinformasjon til våre saks­behandlarar her.

Sjå meir om Kulturminnefondet her.

Sjå ofte stilte spørsmål.

Kulturminnefondet støtter normalt ikkje

  • freda kulturminne, også freda samiske kulturminne (Riksantikvaren/fylkeskommunene/Sametinget)
  • kjerker (Kirkebevaringsfondet)
  • offentleg eigde kulturminne
  • museum, trussamfunn eller andre med offentleg driftsstøtte
  • laust inventar
  • flytting av kulturminne
  • rein kopiering av forfalne kulturminne, med unntak av hageanlegg
  • teknisk utgreiing, forundersøkingar (tilstandsrapportar, årringsdateringar, fargeundersøkingar mm)
  • kostnadar til konsulentar og rådgjevare
  • oppgradering og modernisering
  • VVS og elektriske installasjonar
  • brannsikring
  • immateriell kulturarv (dans, mat, språk m.m)
  • tiltak som er sluttført på vedtakstidspunktet

Sjå elles forskrift for Norsk Kulturminnefond