
Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".
Ny episode med Pia Wigtil og Arven vår
Kva får ei familie til å bruke elleve år av livet sitt på å redde eit gamalt industrimiljø? Svaret finn du i den nyaste episoden av Arven Vår, der direktør Pia Wigtil besøker Feigum sag i Luster kommune.
Tradisjonshandverk i praksis
Under den mektige Feigefossen ligg eit av dei eldste industrimiljøa i Sogn. Historia strekkjer seg heilt tilbake til 1634, då vatnet frå fossen gav kraft til oppgangssag, mølle og smie. I dag er det familien Feigum som fører historia vidare – med respekt for tradisjonshandverket og eit sterkt ønske om å dele kulturarven med andre.
– Utan støtte hadde dette aldri gått, fortel Kjell Feigum i podkasten. Familien har investert millionar av kroner og tusenvis av dugnadstimar i restaureringa, men understrekar at økonomisk støtte frå mellom anna Kulturminnefondet har vore heilt avgjerande for å kunne gjennomføre arbeidet.
Gjennom restaureringa har familien valt å bruke tradisjonelle material og handverksteknikkar. Tømmer er telja for hand, gamle konstruksjonar er reparerte framfor utskifta, og lokale og internasjonale handverkarar har bidrege med kunnskap som sikrar at bygningane blir tekne vare på på rett måte.
Arbeidet har ikkje berre handla om å redde bygningar, men om å ta vare på historia, kunnskapen og identiteten til ein heilt spesiell stad.
Frå forfall til levande møteplass
Då familien overtok eigedomen i 2015, møtte dei store utfordringar. Kort tid etter overtakinga øydela ein flaum delar av elveløpet og anlegget. Likevel valde dei å halde fram. Elleve år seinare har alle bygningane fått nytt liv.

I dag er Feigum sag langt meir enn eit restaureringsprosjekt. Den gamle fjøsen er blitt kafé og selskapslokale, og alle besøkande blir inviterte med på historievandringar gjennom det gamle industrimiljøet.
– Vi ønskjer ikkje berre å servere kaffi og vaflar. Vi vil formidle historia om plassen og menneska som levde og arbeidde her, fortel Anne Merethe Feigum.
Kulturminne skaper aktivitet
Gjennom restaureringa har Feigum sag utvikla seg til eit attraktivt reisemål for både lokalbefolkning og tilreisande frå inn- og utland. Kombinasjonen av kulturhistorie, tradisjonshandverk og den spektakulære naturen ved Feigefossen gir ei heilt særprega oppleving.
Familien opplever at gjestene ikkje berre kjem for utsikta, men også for å forstå historia bak bygningane og arbeidet som er lagt ned.








