Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".
Ho redda eit landemerke i Vardø
Kvar dag såg Sissel Irene Holt den store tørrfisksjåen utanfor kjøkenvindauget forfalle litt meir. Til slutt bestemte ho og familien seg for å redde det særmerkte landemerket ved innseglinga til Vardø. I den nye episoden av Arven vår fortel ho om det omfattande arbeidet – og om kvifor historia om fiskeria langs Finnmarkskysten må takast vare på.
Eit omfattande arbeid
Den store tørrfisksjåen har ein sentral plass i bybildet i Vardø. Bygget fortel historia om ei tid da fiskeri og tørrfisk var sjølve livsgrunnlaget langs kysten.
Men i mange år stod sjåen til forfalls.
Sissel Irene Holt såg bygget frå kjøkenvindauget sitt kvar dag. Ho visste kor viktig det var for historia og identiteten til byen – og kor mykje som ville gå tapt dersom ingen tok ansvar.
I 2012 tok ho og mannen Torfinn Rasmussen over den gamle tørrfisksjåen. Da var bygget i svært dårleg stand.
Tørrfisksjåen er på om lag 800 kvadratmeter fordelt over fleire etasjar. Før restaureringa kunne starte, måtte bygget tømmast for store mengder avfall og gammalt materiale.
Deretter følgde fleire år med planlegging, sikring av konstruksjonane og restaurering etter antikvariske prinsipp.
Arbeidet vart gjennomført steg for steg. Erfaringane frå tidlegare restaureringsprosjekt i Hamningberg hadde lært familien kor viktig det er å dele store og krevjande prosjekt opp i mindre etappar.
– Når ein blir ferdig med ein del av arbeidet, får ein ny motivasjon til å gå vidare. Det gir ei kjensle av meistring å sjå at ein lukkast, fortel Sissel i podkasten.
Meir enn eit gammalt bygg
For Sissel handlar restaureringa om langt meir enn å ta vare på sjølve bygningen. Tørrfisksjåen ber med seg historia om fiskeria, arbeidslivet og menneska som har levd langs Finnmarkskysten gjennom generasjonar.
Mange som besøker sjåen i dag, har eit personleg forhold til bygget og historia det representerer. Nokre blir rørte når dei ser at landemerket er redda.
Restaureringa viser kva enkeltmenneske kan få til når dei ser verdien i eit kulturminne og er villige til å ta ansvar for det.
I dag er den gamle tørrfisksjåen sikra for framtida og teken i aktiv bruk. Bygget gir rom for utstillingar, foredrag, kulturarrangement og reiseliv.
Målet er at både lokalbefolkninga og tilreisande skal kunne oppleve historia om Vardø, fiskeria og kystkulturen på nært hald.
I den nye episoden av Arven vår møter Pia Wigtil Sissel Irene Holt. Ho fortel om vegen frå eit stort og forfalle bygg til eit levande kulturminne – og om gleda ved å sjå at mange års innsats har gitt resultat.







