For Svein Harald Holmen handlar kulturminnevern om langt meir enn å ta vare på gamle bygningar. I Vardø har han sett korleis restaurering kan skape stoltheit, aktivitet, arbeidsplassar og tru på framtida. I podkasten «Arven vår» møter Pia Wigtil ein mann som vil bruke historia som utgangspunkt for ny utvikling..
For han er denne plassen Vardø. Familien har budd her i mange generasjonar, og fiskeriet har vore den raude tråden gjennom mykje av det han driv med. Men kulturminna har også fått ein stadig større plass.
Holmen har sidan byrjinga av 2000-talet vore involvert i ei lang rekkje restaureringsprosjekt langs Varangerfjorden. Eitt av dei som står han særleg nær, er eit historisk kaianlegg i Vestervågen i Vardø. Her leika han som barn. I dag arbeider han med å gi staden nytt liv.
– Det er noko spesielt med den plassen ein kjem frå, der ein har historia si og røtene sine, seier Svein Harald Holmen.
Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".
Historia som del av næringa
Saman med kompanjongen har Holmen etablert Holmen & Robertsen, som foredlar og sel fisk. Ambisjonen er etter kvart å få produksjon inn i det historiske kulturmiljøet.
Det er meir krevjande enn å etablere seg i eit nytt og moderne lokale. Men for Holmen er historia ein del av sjølve produktet.
Fisket skjer med line, og fisken blir foredla for hand. Målet er å vise fram handverket, menneska og historia bak produktet – og la kulturmiljøet vere ein del av forteljinga.
Meir enn å ta vare på bygningar
Holmen har sett kva restaurering kan bety i eit lokalsamfunn som har opplevd fråflytting og nedgang. Når eit hus, ei kai eller eit kulturmiljø blir sett i stand, kan det skape ringverknader langt utover sjølve kulturminnet.
Det historiske kaianlegget er eit døme. Før restaureringa var delar av kaia så dårleg at det kunne vere farleg å gå der. No kan folk igjen bruke området, og det har allereie vore arrangement og samlingar på staden.
Dersom planane om ny næringsaktivitet lukkast, kan kulturminnet også bidra til nye arbeidsplassar og opplevingar for besøkande.
For Holmen heng kulturminnevern, stadutvikling, reiseliv og næringsutvikling tett saman.
Han har også sett ei endring i haldningane til kulturminnevern. Der det tidlegare kunne vere stor skepsis, har støtte, faglege råd og tett kontakt med mellom andre Kulturminnefondet, fylkeskommunen og Riksantikvaren bidrege til at fleire har sett kulturminna som ein ressurs.
I dag ser han at kunnskapen og engasjementet lever vidare. Eigarar hjelper kvarandre, og restaureringsarbeidet held fram.
Historia frå Vardø viser kva vern gjennom aktiv bruk kan bety i praksis: Å ta vare på fortida kan samtidig skape møteplassar, aktivitet, næring og framtidstru.
Høyr heile samtalen med Svein Harald Holmen i podkasten «Arven vår» frå Kulturminnefondet.


