Kulturminnefondet Vi bidrar til å bevare våre kulturminner for framtida

Om oss

Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning og eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, anten dei eig kulturminna sjølve eller forvaltar dei på vegner av andre, kan søkje.

Kulturminnefondet gjev økonomisk støtte til bevaring av verneverdige kulturminne som bygningar, bustader, båtar, hageanlegg og kulturlandskap. Kulturminnefondet har ingen søknadsfrist. Søk om støtte her »

Visjonen vår er vern gjennom aktiv bruk.

Kulturminnefondet blei oppretta som eit statleg fond av Stortinget i 2002 og er direkte underlagt Klima- og miljødepartementet. Hovudføremålet er å løyve pengar til tiltak som skal sørgje for at kulturminne i Noreg blir sette i stand og tekne vare på. Midlane til Kulturminnefondet var fram til utgangen av 2012 renteavkastninga frå eit statleg oppretta grunnfond. Frå og med 2013 endra dette seg, slik at fondet får midlane sine over ein eigen post i statsbudsjettet. Sjølv om Kulturminnefondet ikkje lenger er ei fondsverksemd, har verksemda framleis same namn. Midlane som Kulturminnefondet får, skal både brukast til tilskot og til drift av Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet får kvart år ein instruks frå Klima- og Miljødepartementet gjennom eit tildelingsbrev der instruksen er lagd ved.

Ta gjerne kontakt med oss

Postliste

Kulturminnefondet er etter arkivlova pliktig til å føre offentleg journal.
Postlista kan du laste ned her »

Alle saksdokument er som hovudregel offentlege, og den som ønskjer det, kan be om innsyn. Du ber om innsyn ved å sende e-post til post@kulturminnefondet.no

Søknader og tilsegner

Til no i 2022

2021

2020

2019

2018

Nettlenkjer

Her finn du lenkjer til ressursar og nettsider som kan vere nyttige. Kulturminnefondet er ikkje ansvarleg for innhald på eksterne nettsider.

Forskrift og rapportar

lovdata.no

Forskrift om vedtekter for Norsk kulturminnefond

regjeringa.no

Tildelingsbrev og årsrapportar

Sosiale medium

facebook.com

Kulturminnefondet på Facebook

twitter.com

Kulturminnefondet på Twitter.

instagram.com

Kulturminnefondet på Instagram

Litteratur

websok.mikromarc.no

Bibliotekbasen hos Micromarc

Offentlege etatar

regjeringa.no

Om Kulturminnefondet

regjeringa.no

Klima- og miljødepartementet

kulturminnesok.no

Kulturminnesøk hos Riksantikvaren

miljostatus.no

Miljøstatus om kulturminne

Kulturminnevern

niku.no

Norsk institutt for kulturminneforskning

icomos.no

ICOMOS Norge

uthusprosjektet.no

Uthusprosjektet på Røros

instagram.com

#kulturminnefondet