Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".
Kva skal til for å vekkje eit over 100 år gammalt sagbruk til liv att? I den nyaste episoden av Kulturminnefondet sin podkast «Arven vår» møter du ein eigar med ein sterk lidenskap for tradisjonshandverk, gamle bygningar og levande kulturarv.
Direktør Pia Wigtil tek turen til Gulsvik ved Krøderen. Her ligg historia i veggane – og ho finn fram til eit ualminneleg stort engasjement.
Eit sagbruk med sjel
Gulsvik sag og høvleri vart bygd i 1925. I episoden møter vi Sjur Heglund, som tok over eigedomen i 2015. Han har ei djup interesse for tradisjonshandverk og kunnskapen som ligg i eldre bygningar.
– Eg blir glad av å sjå gamle tømmerbygningar. Det dei fekk til for 100–200 år sidan, er heilt fascinerande, fortel han.
Målet er ikkje berre å bevare bygningane, men å fylle området med liv. Publikum skal kunne oppleve sagbruket slik det ein gong var – med lyd, lukt og aktivitet.
Frå knutepunkt til levande kulturmiljø
Gulsvik var ein gong eit viktig bindeledd mellom aust og vest. Reisande kom med tog på Krøderbanen, kryssa fjorden med dampbåt og reiste vidare med Bergensbanen.
I podkasten får vi høyre om livet og trafikken som ein gong prega området, og om kvifor denne historia framleis er viktig å ta vare på og formidle.
Eit omfattande arbeid
Å setje i stand eit kulturminne som dette krev både tid, kunnskap og pengar. Sagbruket har behov for omfattande restaurering, og særleg taket er i dårleg stand.
– Det er heilt umogleg å få til slike prosjekt utan støtte. Det finst ikkje noko kommersielt grunnlag, men det er heilt nødvendig for å bevare historia, seier Heglund.
Støtte frå Kulturminnefondet og andre aktørar har gitt arbeidet eit viktig løft.
Skal bli ein stad for nye opplevingar
Ambisjonen er at Gulsvik sag og høvleri ikkje berre skal vere eit minne frå fortida, men ein levande møteplass. Gjennom mellom anna båtbygging, formidling og aktivitetar for skular og tilreisande skal fleire få oppleve historia på nært hald.
– Kvifor skulle ein halde på med dette åleine, dersom ein ikkje skal dele det med andre? spør Heglund.
I «Arven vår» møter du menneska bak kulturminna – dei som legg ned tid, krefter og engasjement for å føre historia vidare.







