Klima- og miljøminister Sigrun Aasland overrekte fredag eit tilskot på 450 000 kroner frå Kulturminnefondet til restaureringa av den historiske dampbåten DS «Pelle». Målet er å få båten tilbake i drift som museumsbåt og flytande kulturminne.

Overrekkinga skjedde på Bredalsholmen fartøyvernsenter i Kristiansand, der DS «Pelle» no blir bygd opp att. Klima- og miljøministeren fekk møte representantar for Stiftelsen DS Pelle og sjå arbeidet som blir gjort med det historiske fartøyet.
– «Pelle» har hatt eit langt og brokete liv og har vore i livsfare mange gonger. Han er ein viktig del av kulturhistoria vår, sa klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Statsråden fekk også sjå ein film om historia til båten. DS «Pelle» har lege under vatn heile tre gonger.
– Det er ei dramatisk historie, og eg blir rørt av å sjå henne. No ser vi at «Pelle» er på veg tilbake til livet, sa Aasland.

Skal ferdigstille dampkjelen
Tilskotet frå Kulturminnefondet skal gå til å ferdigstille dampkjelen. Dette er eit avgjerande steg på vegen mot å få fartøyet sertifisert og tilbake i drift.
Kulturminnefondet har tidlegare støtta kjøp og delar av restaureringa av dampkjelen og maskina. Når dampkjelen er ferdig, kjem prosjektet eit viktig steg nærare målet om å få DS «Pelle» tilbake på sjøen.
Kulturminnefondet legg vekt på at Stiftelsen DS Pelle ikkje berre tek vare på fartøyet, men også planlegg å bruke det aktivt til segling og formidling. Slik blir kulturminnet tilgjengeleg for publikum og kan igjen bli ein levande del av kystkulturen. Det er også lagt vekt på at DS «Pelle» har status som verna fartøy hos Riksantikvaren.
Restaureringa er eit omfattande og langsiktig prosjekt. Til no er det brukt om lag 12 millionar kroner. Stiftelsen arbeider for at båten skal vere skrogferdig, med dampmaskin og kjele på plass, til Arendalsuka neste år.
Deretter skal mellom anna dekk, salong, styrehus og tak ferdigstillast. Målet er at DS «Pelle» skal vere sjøklar i 2030 og igjen kunne ta med passasjerar ut i Arendalsskjergarden.




