Skip to main content

Korleis skaper vi kulturminnevern som virker i praksis?
2. – 3. mars 2027 inviterer Kulturminnefondet eigarar, fagmiljø, frivillige og finansieringsaktørar frå heile landet til Røroskonferansen 2027 – Vern som virker.

Konferansen blir arrangert på Røros Hotell og opna av klima- og miljøminister Sigrun Aasland. Med verdsarven Røros som ramme skal deltakarane dele erfaringar, hente inspirasjon og knyte kontaktar på tvers av fagmiljø og organisasjonar.

– Vi ønskjer å vise korleis gode idear kan bli til gjennomførte prosjekt. Når eigarar, frivillige, fagfolk og finansieringsaktørar arbeider saman, kan kulturminne få både nytt liv og ny verdi, seier direktør i Kulturminnefondet, Pia Wigtil.

Vern som virker blir opna av Klima- og miljøminister Sigrun Aasland.

Eigarane står i sentrum

Alt kulturminnevern startar hos nokon som vel å ta ansvar. På konferansen møter vi eigarar som har sett i stand kulturminne og teke dei i aktiv bruk. Dei deler erfaringar om motivasjon, utfordringar, val og resultat.

Finansiering blir også eit sentralt tema. Deltakarane får møte representantar for ulike finansieringskjelder og lære meir om korleis offentlege og private verkemiddel kan spele saman og utløyse gode prosjekt.

Frivillig innsats held kulturarven levande

Det frivillige kulturvernet legg kvart år ned ein omfattande innsats over heile landet. Forbundet Kysten, Stiftelsen Norsk Kulturarv, Landsforbundet av Motorhistoriske Kjøretøyklubber, Fortidsminneforeningen og Norsk Forening for Fartøyvern vil vise korleis frivillig arbeid skaper aktivitet, fellesskap og lokal identitet.

Røroskonferansen går frå lunsj til lunsj og gir god tid til både fagleg påfyll, nettverksbygging og samtalar.

Røroskonferansen blir arrangert på Røros Hotell 2.–3. mars 2027. Det er inga deltakaravgift. Reise og overnatting blir bestilt og betalt av deltakarane sjølve.

Les meir og meld deg på Røroskonferansen 2027

Røroskonferansen går frå lunsj til lunsj og gir god tid til både fagleg påfyll, nettverksbygging og samtalar.

Privacy Preference Center

Secret Link