Ukategorisert

Lisa Menes fekk årets nasjonale håndverksstipend

Lisa Kristine Menes blir tildelt Kulturminnefondets nasjonale handverksstipend for 2024. Stipendet er på 50 000 kroner og går til ein ung, læreviljug, engasjert og fagleg sterk handverkar som også ynskjer å lære bort. 

Lisa er ei ung kvinne med svennebrev som blikkenslager. Ho driv Menes Metal Works AS i Nykirke, saman med sin far. Ho er dyktig, lærevillig og målbevisst og deler gjerne sin kunnskap og erfaringar til andre, mellom anna gjennom sosial medium.  

Lisa er engasjert i lokalsamfunnet og i historie. Ho ivrar for å utvikla og ta vare på varige arbeidsplassar og er svært interessert i tradisjonelle arbeidsmetoder for metallforming. No ynskjer ho å fordjupe seg i utsmykking av gamle bygg.  

F.v. mamma Pia, kjæresten Jonny, stipendmottakar Lisa, pappa og kollega Jørn Menes, Hanne K. Jakhelln og Simen Bjørgen. Foto: Fotograf Helle K. Hagen

Det er nesten ingen som utfører slikt arbeid lengre. Kompetansen til Lisa er svært ettertrakta i arbeidet med freda og verneverdige bygg, grunngjev styreleiar Hanne Jakhelln. 

Bakgrunn 

 Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid.

Stipenda vert kunngjort på fondets heimeside, med moglegheit til å foreslå kandidatar. Vedtak om tildeling vert gjort av styret etter anbefaling frå direktøren. 

Overraskende besøk på verkstedet fra Kulturminenfondet. Foto: Fotograf Helle K. Hagen

Overrasket og glad prisvinner – Lisa K Menes. Foto: Fotograf Helle K. Hagen

Lisa demonstrerer trykkdreiing. Foto: Fotograf Helle K. Hagen

Lisa forteller gjerne om faget sitt – her til Simen og Hanne. Foto: Fotograf Helle K. Hagen

Kunngjering 

Stipendet er kunngjort gjennom Kulturminnefondets nettstad, nyheitsbrev og sosiale media. Det har også vore redaksjonell omtale i fleire aviser. Ved fristen kom det inn 236 nominasjonar. Enkelte kandidatar er nominert fleire gonger. 

Kulturminnefondet deler også ut eit formidlingsstipend, som i år gjekk til Bianca Wessel for sitt arbeid med prosjektet Lys i gamle hus. 

Stipendet er tidlegare tildelt: 

  • Tradisjonshandverkar Anton Rudi (2023)  
  • Tradisjonshandverkar Lene Gjerstad Solhaug, Bergen (2022) 
  • Steinhoggar Magnus Aleksander Vartdal (2021) 
  • Båtbyggjar Ella Mørtsell, Kjerringøy (2020) 
  • Tradisjonshandverkar Aleksander Fjellvang, Oppdal (2019) 
  • Tradisjonshandverkar Håkon Telnes Fjågesund, Telemark (2018) 
  • Gipsmaker Peder Alme, Ålesund (2017) 
  • Reipslager Ingunn Undrum, Norheimsund (2016) 
  • Tradisjonshandverkar Hans Andreas Haraldsen Lien, Gjøvik (2015) 
  • Tradisjonshandverkar Ove Grytbak, Røros (2014)