Då ho ikkje fann seg til rette på vidaregåande, tok ho eit val mange ville vegra seg for: Ho drog til sjøs.
Møt Lisa Sønneland Tveden i podkasten ARVEN VÅR
Ombord på skuleskipet Sørlandet opna det seg ei heilt ny verd – med handverk, fellesskap og meistring. Der, midt ute på havet, fann ho retninga si.
Sidan har ho halde fram. Ho har segla på gamle skip, bygd erfaring steg for steg – og til slutt kjøpt sitt eige fartøy: Valkyrien. Ein båt med lang historie, som ho no både bur på og arbeider for å ta vare på. For Lisa handlar det ikkje berre om båtar – men om kulturarv, kunnskap og identitet.
I podkasten ARVEN VÅR med Pia Wigtil deler ho historia si – om val, motgang, meistring og kjærleiken til kystkulturen.
Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".
Ei levande forteljing om kven vi er
Arven vår handlar til slutt om noko større enn enkeltprosjekt. Han handlar om identitet, tilhøyrsle og kva vi vel å ta med oss vidare.
For kulturarv er ikkje berre noko vi har arva, det er noko vi heile tida er med på å forme.
Arven vår er no lansert. Lytt og bli med inn i dei levande forteljingane om kulturarven vår.





