Nordland fylkeskommune, Riksantikvaren og Stiftelsen MS Salten inviterer til fredingsmarkering ved Løvvoldkaia i Bodø 8. september.

MS «Salten», tidlegare «Gamle Salten», vart bygd ved Torsvik verksted i 1953. Skipet gjekk i rute mellom Mosjøen, Bodø og Narvik medan ein venta på at jernbanen gjennom Nordland skulle bli ferdig. I sommarhalvåret vart ruta forlengd til Nordkapp, og fartøyet fungerte også som avlastingsskip for Hurtigruten ved behov.
I dag er MS «Salten» det største av berre fire verna stålskip i Nordland. Fredinga er ei viktig anerkjenning av den historiske og kulturhistoriske verdien fartøyet representerer.
Stor innsats for å ta vare på skipet

– MS «Salten» er eit flott døme på korleis viktig kysthistorie kan takast vare på gjennom kunnskap, samarbeid og ein imponerande dugnadsinnsats. Kulturminnefondet takkar Stiftelsen MS Salten og dei andre samarbeidspartane for det gode arbeidet, og gratulerer så mykje med fredinga, seier direktør i Kulturminnefondet, Pia Wigtil.
Stor støtte frå Kulturminnefondet
Stiftelsen MS Salten har lagt ned eit omfattande arbeid i å setje fartøyet i stand. Etter at stiftelsen tok over skipet i 2024, har det gjennomgått store reparasjonar og mykje vedlikehald. Frivillige har bidrege med ein betydeleg dugnadsinnsats.
Kulturminnefondet har gjennom fleire år støtta arbeidet med å bevare MS «Salten»:
- I 2006 fekk prosjektet 200 000 kroner til restaurering av lugarane.
- I 2019 vart det gitt 250 000 kroner til sikring av skroget og sertifisering.
- I 2024 fekk stiftelsen 800 000 kroner til istandsetjing av stormdekket.
- I 2026 vart det gitt 600 000 kroner til istandsetjing av dekket.
Til saman har Kulturminnefondet bidrege med 1,85 millionar kroner til arbeidet med fartøyet.
Open markering i Bodø
Fredingsmarkeringa finn stad tysdag 8. september klokka 12.00 ved Løvvoldkaia, utanfor Scandic Havet i Bodø.

