Bruk skyve-verktøyet for å samanligne før- og etter-bildet.
I den nyaste episoden av podkasten Arven vår møter vi Knut Egil Bekkevold på Steinreisberget friluftsgard på Finnskogen – eit døme på korleis kulturminne kan få nytt liv gjennom aktiv bruk.
Steinreisberget ligg vakkert til ved Steinreien, ein del av det historiske fløtervassdraget på Finnskogen. Plassen har røter tilbake til mellomalderen og er prega av skogfinsk busetnad og tradisjonar. I dag er garden ein aktiv møteplass for skular, organisasjonar, turistar og lokalsamfunn – med friluftsliv, handverk og kulturformidling som kjerne.
I samtalen med direktør Pia Wigtil fortel Bekkevold om arbeidet med å restaurere den gamle smia nede ved vatnet. Med støtte frå Kulturminnefondet, fylkeskommunen og andre bidragsytarar har bygningen fått nytt liv og ny funksjon. Smia skal ikkje stå som eit stille minne, men takast i bruk til kurs, formidling, overnatting og aktivitetar året rundt.
Episoden gjev også eit innblikk i kvifor vern gjennom aktiv bruk er avgjerande – ikkje berre for å ta vare på bygningar, men for å halde kunnskap, tradisjonar og levde kulturminne i hevd. Samtalen rører ved samanhengen mellom natur og kultur, og korleis kulturarv kan vere ein ressurs for både folkehelse og berekraftig verdiskaping.
Varmande ord frå Hans Børli er også med i denne episoden.
🎧 Høyr episoden av Arven vår og bli med til Finnskogen.
Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".









