Skip to main content

Kulturminnefondet gir inntil 450 000 kroner til istandsetjing av taket på ein fabrikkbygning frå Stongfjorden Elektrokemiske Fabriker. Pia Wigtil besøkte fabrikken 28. oktober for å fortelje søkjarane om resultatet av søknadshandsaminga. Dei var svært godt nøgde med støtta, og arbeidet med å få taket tett er allereie godt i gang.

Fabrikkbygningen er del av eit industrianlegg som blei etablert i 1908 som den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Fabrikken var i drift fram til midten av 1940-talet og fekk mykje å seie for utviklinga av Stongfjorden som industristad og lokalsamfunn.

Tilskotet skal gå til utskifting av taktekking, reparasjon av delar av takkonstruksjonen og arbeid på taket på eit tilbygg. Målet er å sikre bygningen mot vidare forfall og leggje til rette for bruk også i åra som kjem.

Pia Wigtil ogEinar Ljostveit
Pia Wigtil, Ranja Grimelid Ljostveit og Einar Ljostveit

Bygningen er i privat eige og framleis i bruk. Eigaren ønskjer å halde fram med vinterlagring av bubilar og campingvogner, ta i bruk den tidlegare kantina som treningsstudio for bygda og undersøkje moglegheita for eit museum for eldre maskiner frå Helle knivfabrikkar.

Arbeidet med taket er godt i gang. Her må ein også handtera asbest som var vanleg brukt i tak på 1960 talet.

Pia Wigtil, Direktør Kulturminnefondet.
Pia Wigtil, Direktør Kulturminnefondet.

– Denne fabrikkbygningen fortel ei viktig historie om den tidlege aluminiumindustrien i Noreg og om korleis industrien forma Stongfjorden. Når eigaren no vil sikre bygningen og leggje til rette for ny bruk, tek ein vare på både eit viktig kulturminne og ein del av historia til lokalsamfunnet, seier Pia Wigtil, direktør i Kulturminnefondet.

Privacy Preference Center