Skip to main content

Ho kom heim for å ta vare på historia

I den vesle bygda Mortenhals i Troms ligg eit kulturmiljø som fortel historia om handel, sjøfart, kyrkjeliv og kvardagsliv gjennom fleire generasjonar. Her finn vi Maria Kristoffersen, som har valt å flytte heim att for å ta vare på familieeigedomen og kulturarven som har vore i slekta sidan 1825.

I den nyaste episoden av podkasten Arven vår fortel Maria om oppveksten på handelsstaden i  Balsfjord, om kvifor ho aldri var i tvil om at ho høyrde heime i Mortenhals, og om arbeidet med å gi nytt liv til den gamle landhandelen som stengde dørene i 1959.

Den gamle butikken framstår i dag som ei tidskapsel frå ei anna tid. Her finn ein framleis varer, emballasje, rekneskapsbøker og inventar som fortel om korleis folk handla før sjølvbeteninga og plastemballasjen gjorde sitt inntog. Arbeidet med å sortere, registrere og ta vare på alt som finst i bygga har teke år, men Maria ser verdien i kvar einaste gjenstand.

Gjennom restaurering av bygningar, drift av småbruk, formidling av lokal historie og satsing på kulturbasert reiseliv ønskjer ho å gjere kulturarven tilgjengeleg for nye generasjonar. Samtidig er ho oppteken av å vise korleis folk levde før, korleis ressursane vart nytta, og kvifor det framleis finst mykje å lære av fortida.

Historia om Mortenhals handlar ikkje berre om bygningar og gjenstandar. Den handlar om menneska som bygde staden, om kyrkja som vart reist i nærleiken, om handelslivet som samla folk frå fjord og bygd, og om ønsket om å føre historia vidare.

I podkasten fortel Maria også om kor avgjerande støtta frå Kulturminnefondet og andre tilskotsordningar har vore for å kunne restaurere bygningane på ein måte som tek vare på dei kulturhistoriske verdiane. Ho legg heller ikkje skjul på at arbeidet er omfattande, men meiner gevinsten er større enn slitet.

– Eg har lyst til å vise fram historia og ta vare på det som generasjonane før meg bygde opp. Om nokon tek over etter meg ein dag, håpar eg dei får overta ein stad som er i betre stand enn då eg tok over, fortel Maria Kristoffersen i podkasten.

Butikk og brygge satt i stand på gamle Mortenhals

Privacy Preference Center