Torsdag 5. mars vart det arrangert ein heilt ny møteplass for tradisjonshandverk i festsalen på Valdres Folkemuseum.
Arrangementet samla over 40 deltakarar – både handverkarar, huseigarar og andre interesserte – og viste at behovet for ein slik arena er stort.
Initiativet kjem frå Valdresmusea i samarbeid med Valdres Næringshage, Aabol Tradisjonsbygg AS og Verne-Vøla. Målet er å skapa ein stad der folk med interesse for tradisjonelle handverk og bygningstradisjonar kan møtast, dele erfaringar og lære av kvarandre.
Odd Arne Rudi
– Eg har lenge kjent på at det manglar ein møteplass for tradisjonshandverkarar. I denne bransjen kan ein ofte kjenne seg litt åleine, seier bygningsvernrådgjevar for Valdres, Odd Arne Rudi, som leia samtalen gjennom kvelden.
Rudi fortel at ideen voks fram av ønsket om å samle handverkarar frå ulike fagfelt.
– Mange arbeider med liknande problemstillingar, men får sjeldan høve til å møtast og diskutere løysingar. Difor tenkte eg at det ville vere nyttig å skapa ein arena der vi kan utveksle erfaringar, stille spørsmål og bli betre kjende med kvarandre sine fag.
Kvelden vart lagt opp som ein panelsamtale der fleire fagpersonar presenterte sitt arbeid og svarte på spørsmål frå publikum. I panelet sat tradisjonshandverkar Håvar Aabol, murar Knut Andreassen, målar Knut Øystein Bakken, arkitekt Margrete Bjone Engelien (MNAL), leiar i Verne-Vøla Ingvild Kvissel Melbye, samt representant frå Valdres Næringshage.
Oppmøtet overraska arrangørane.
– Det var over 40 personar som møtte opp, og stemninga var svært god. Det vart mange gode samtalar både under og etter programmet, seier Rudi.
Målet vidare er å utvikle møteplassen til eit meir eller mindre fast tilbod i regionen.
– Vi ser føre oss at møta kan flyttast rundt i Valdres, gjerne kombinert med befaringar på bygningar eller prosjekt. Kanskje kan vi besøke kvarandre sine arbeidsplassar, få faglege innlegg og lære meir om ulike teknikkar.
Han meiner også at eit slikt nettverk kan bidra til meir aktivitet i handverksfaga. Odd Arne Rudi fortel vidare att dette skal være ein møteplass for alle, uansett bakgrunn og nivå. Eit fora der handverkar og huseigar kan møtast. Der alle interesserte er hjarteleg velkomne med.
Håvar Aabol
– Det er eit stort behov for folk som kan restaurering og tradisjonshandverk. Klarer vi å byggje eit miljø rundt dette, kan det også bidra til fleire arbeidsplassar innan byggfaget seier Håvar Aabol i Aabol Tradisjonsbygg AS.
Bak arrangementet stod Valdresmusea, Aabol Tradisjonsbygg AS, Valdres Næringshage og Verne-Vøla. Arrangørane håpar no å vidareføre samarbeidet og utvikle møteplassen til ein viktig arena for tradisjonshandverk i regionen.
Ved å godkjenne disse innstillingene aksepterer du våre personvernregler.