Skip to main content

Pia Gulliksen og Sebastian Bautz drøymde om eit liv nærare naturen – og om å skape noko sjølve. På ein gammal husmannsplass i Hølera i Sør-Aurdal fann dei staden dei leita etter. No legg dei ned hundrevis av timar for å gi husa og jorda nytt liv.

Det starta med eit innlegg på Facebook. Ein gammal husmannsplass trong nye eigarar – og nokon som hadde lyst til å ta vare på han. Pia og Sebastian tok sjansen. Da dei køyrde opp den bratte vegen og tunet openberra seg, kjende dei at dette kunne vere staden.

I dag er dei i full gang med å setje Lundelie gård i stand. Her er det hovudhus, stabbur, låve og spor etter tidlegare drift. Mykje av arbeidet gjer dei sjølve, og berre skifertaket kravde over 400 timar med eigeninnsats. Undervegs har dei fått hjelp frå både handverkarar, naboar, vener og fagmiljø.

Draumen handlar om meir enn å pusse opp eit gammalt hus. På sikt vil Pia og Sebastian bu her, drive jorda og finne ein måte der garden også kan vere med på å skape inntekt.

Og støtteordningane har vore viktige. På spørsmål om kva det betyr at det finst ordningar som Kulturminnefondet, er svaret tydeleg:

– Vi hadde ikkje gjort det utan. Vi hadde ikkje turt å kjøpe huset dersom vi ikkje visste at vi kunne søkje pengar.

Støtta gjer det mogleg å ta vare på fleire av bygningane – og arbeidet gir samtidig kunnskap som eigarane sjølve kan ta med seg vidare.

I den nye episoden av Arven vår møter Pia Wigtil eit ungt par som ikkje berre drøymer om eit anna liv – dei er i full gang med å byggje det.

Høyr episoden der du høyrer podkast.

Privacy Preference Center

Secret Link