Skip to main content

Kva får to unge ingeniørar frå bylivet til å seie opp jobbane sine, flytte til ei lita bygd inst i Hardangerfjorden – og kjøpe eit nedstengt hotell frå 1889?

Når Caroline og Harald tek vare på Hotel Sundal, tek dei vare på meir enn eit gammalt hotell. Dei held ei viktig forteljing levande og viser korleis kulturminne kan få nytt liv gjennom aktiv bruk, seier direktør Pia Wigtil.

I denne episoden av Arven Vår møter du Caroline og Harald, som forelska seg i Sundal, Folgefonna og det gamle sveitserhotellet Sundal Gjestgjevarstad. Med boblejakke, hovudlykt og stor skapartrong opna dei dørene til eit hus som hadde stått stille i mange år – med frostsprengde røyr, lekkasjar og mykje usikkerheit. Men også med ei heilt unik historie i veggane.

Gjennom fleire år har dei restaurert hotellet steg for steg, med respekt for det originale uttrykket og handverket frå ei tid då turistane kom med dampbåt til Hardanger for å oppleve breane, fjella og fjordane. Her handlar det ikkje berre om å bevare eit bygg – men om å ta vare på ein kultur, ein livsrytme og ei forteljing om korleis menneske har levd før oss.

I episoden får du høyre om:
– korleis det er å restaurere eit kulturminne utan å vite heilt kva ein går til
– kvifor gamle vindauge, små hotellrom og lokale råvarer betyr så mykje
– historia om då europeisk overklasse kom til Sundal for å oppleve Folgefonna
– og kvifor Caroline og Harald meiner at det å «reise sakte» er viktigare enn nokon gong

🎧 Arven Vår er podkasten frå Kulturminnefondet som løfter fram menneska og historiene bak kulturminna våre. Høyr episoden på kulturminnefondet.no eller der du lyttar til podkast.

Privacy Preference Center