
Kulturminnefondet har løyvd inntil 50 000 kroner til reparasjon av dekk og utbetring av det elektriske anlegget på fartøyet.
M/B Bitihorn vart bygd ved Glommens Mekaniske Verksted i 1912 og har sidan den gong vore eit viktig bindeledd mellom fjellområda rundt Bygdin i Vang kommune. Båten går framleis i fast rutetrafikk kvar sommar mellom Eidsbugarden, Torfinnsbu og Bygdin Høyfjellshotell, og fraktar kvart år tusenvis av passasjerar inn i hjartet av Jotunheimen.
Fartøyet er eigd av AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap og er sertifisert for 98 passasjerar. Sjølv om båten er i tilfredsstillande stand, har han fått to avvik frå Sjøfartsdirektoratet som må rettast før han kan setjast i drift denne sesongen.
Arbeidet omfattar reparasjon av dekk, oppgradering av det elektriske anlegget og arbeid med skinnegangen der båten ligg. Sjølve fartøyarbeidet skal utførast av Isegran Fartøyvernsenter.
– M/B Bitihorn er eit levande kulturminne som framleis fyller den funksjonen båten vart bygd for. Det er nettopp slike prosjekt Kulturminnefondet ønskjer å bidra til – der kulturminne blir tekne vare på gjennom aktiv bruk og kjem allmenta til gode, seier direktør Pia Wigtil.
I vurderinga har Kulturminnefondet lagt vekt på at fartøyet har stor kulturhistorisk verdi og framleis er i aktiv drift som passasjerbåt. Samstundes er det få fartøyvernprosjekt i Innlandet som får støtte gjennom ordninga, noko som også har vore eit moment i vurderinga.
Når Bitihorn legg frå kai på Bygdin også denne sommaren, vil det vere med over hundre års historie om bord – og med eit viktig bidrag til å halde eit levande fartøyminne i drift for nye generasjonar fjellvandrarar og reisande.

Fotokred:
Hovedbilde: Scanout MB Bitihorn
Bilde 2. Magnus Kvarme JVB Travel
Bilde 3: Magnus Kvarme JVB Travel
– M/B Bitihorn er eit levande kulturminne som framleis fyller den funksjonen båten vart bygd for. Det er nettopp slike prosjekt Kulturminnefondet ønskjer å bidra til – der kulturminne blir tekne vare på gjennom aktiv bruk og kjem allmenta til gode, seier direktør