Skip to main content

Garden i Bøverdalen er tufta på mangesysleri, der fleire næringar saman har bore drifta gjennom generasjonar.

I dag har turisme vorte ein viktig del av dette grunnlaget.

Våningshuset frå 1840 talet er ein del av eit større og samanhengande bygningsmiljø. På tunet står òg ei stove frå 1719 og eit stabbur frå 1650. Saman fortel dei historia om livet i fjellbygda gjennom fleire hundre år. Våningshuset har ei viktig rolle i kulturmiljøet, både som arkitektonisk element og som ramme rundt levd liv.

Skifertaket på kårstugu har over tid kome i dårleg stand. Heller har losna og ramla ned, og med mykje folk i tunet har det vore utrygt. Behovet for tiltak meldte seg klart.

No er det teke eit grundig løft.

Tiltaka omfatta å demontere skiferen, leggje tett undertak med papp og lekter, ta ned éi pipe og restaurere den andre. Deretter vart skiferen lagt tilbake, og det vart montert nye renner og nedløp. Arbeidet sikra bygningen mot vêr og vind og legg grunnlaget for vidare bruk.

– At det no er mogleg å bruka bygningen aktivt til utleige er heilt avgjerande for at vi kan ta vare på dette gardsanlegget, seier Reidun og Arne Galde.

Med istandsetjinga kan våningshuset leigast ut til turistar i sommarsesongen. Utleiga gir viktige inntekter som styrkjer driftsgrunnlaget på garden og gjer det mogleg å ta vare på bygningsmiljøet over tid. Når kulturminne blir tekne i aktiv bruk, blir dei ein ressurs både for eigarane og for lokalsamfunnet.

På Uppigard Galde går vern og verdiskaping hand i hand. Eit trygt tak over hovudet og nye gjester på tunet gir nytt liv til gamle hus og tryggare rammer for historia som framleis blir skriven.

Prosjektet er gjennomført på ein profesjonell måte med dyktige lokale handverkarar.

– Vi er takksame for at Kulturminnefondet såg verdien i denne bygningen. Det gjekk greit å søkje om støtte, seier vertskapet på Uppigard Galde.

Privacy Preference Center

Secret Link