Skip to main content

Om lag 3000 skiferheller vart tekne ned, vaska og lagde attende. Berre rundt 15 prosent måtte erstattast, og då med gjenbruksskifer.

Fasaden i 2024 og i januar 2026.

I Figgjogata 36 står eit bustadhus frå 1926 i nyklassisistisk stil, med karakteristiske jugendvindauge. Eigarar er Sigrun Sætrevik og Odd Blikra Egeland, har sidan dei overtok eigedomen i 2024, arbeidd målretta for å ta vare på både huset sitt uttrykk og dei kulturhistoriske verdiane.

Bygningen har høg historisk verdi og ligg i hensynssone for bevaring av kulturmiljø, godt synleg i bybildet. Kulturminnefondet vurderte det som svært positivt at eigarane ønskte å bevare huset og tilbakeføre bygningsdelar til eit meir opphavleg uttrykk.

August 2024 – vindauge tilbakeført

Huset hadde husmorvindauge frå 1978 som braut med det opphavlege preget. I samråd med byantikvaren i Stavanger kommune blei det valgt stilhistorisk korrekte vindauge: dei store frå Vikeså Vindu, dei mindre frå Lunden Snekkerverksted. Listverk er utført etter antikvariske råd i høvla kjernefuru frå Riska Sagbruk.
Kulturminnefondet gav tilskot på kr 180 000 til utskifting og tilbakeføring av 11 vindauge.

November 2024 – rehabilitering av originalt skifertak

Skifertaket er originalt frå 1926. Dokumentasjon viste behov for omfattande utbetringar: lekkasjar rundt pipe og takvindauge, fuktskadar i takkonstruksjonen innvendig, råtne vassbord og eit tak som hadde sige saman på midten av takflatene.
Om lag 3000 skiferheller blei tekne ned, vaska og lagde tilbake. Berre rundt 15 prosent måtte erstattast, og då med gjenbruksskifer. Taket blei avretta, undertaket tetta og råteskadde subord skifta ut.
Kulturminnefondet fann det særleg positivt at skiferen blei gjenbrukt, både av omsyn til miljøet og dei historiske verdiane, og gav tilskot på kr 180 000 også til dette delprosjektet. Prosjektet fekk i tillegg støtte frå kommunen si ordning «Vernemillionene».

August 2025 – fasaden får tilbake pusten

All plastmaling vart fjerna, og huset blei måla med tre strøk Wibo linoljemaling i ein lys grøn pastellfarge henta frå Egersund sin historiske fargerettleiar Okka fargar. Valet var medvite: lyse pastellfargar var vanlege i nyklassisismen, og eigarane ønskte eit historisk forankra alternativ til kvitt. Dei to siste veggane blir tekne til våren.

Prosjektet i Figgjogata 36 viser korleis grundig dokumentasjon, fagleg samarbeid og vilje til gjenbruk kan gi sterke resultat. Med tilskot frå Kulturminnefondet har eigarane kunna ta vare på eit synleg og viktig kulturminne.

Du kan fylgja arbeidet på Instagram @laftogleven

Privacy Preference Center