Ser du ikke filmen som skal spille her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "YouTube".
- eit levande minne om krig og bureising
Bygningane vart reist på 1930-talet, i ei tid då bureising gav mange familiar nytt håp om framtida. I uthuset budde familien Grannes medan fjøs og stove vart reist, og under krigsåra fekk det same uthuset ei heilt anna rolle: det vart til skjul for soldatar frå Kompani Linge.
Inne i bygget finst framleis briskar og panel frå den tida. På austveggen er skotthòla framleis synlege – merker frå dei dramatiske trefningane då tyskarane kom for å arrestere eigaren for illegal våpentransport. Uthuset står i dag som eit stille vitne til dei mørkaste dagane under andre verdskrigen.
Majavasstragedien
Garden Tangen vart arnestaden for Majavassaffæren og den påfølgjande Majavasstragedien. Herifrå starta hendingar som enda med at 23 unge menn frå Helgeland vart henretta på Falstad i 1942. For mange etterkomarar er Tangen framleis eit sterkt og sårbart minne – ein stad der historia aldri slepper taket.
Bevaring for framtida
I 2020 fekk Kitty Lise Vassdal eigarskap til Tangen. Ho har teke på seg oppgåva med å ta vare på dei gamle bygningane, med mål om å restaurere eitt hus kvart år. Gjennom arbeidet hennar blir historia ikkje berre bevart, men også levandegjord for nye generasjonar. Tunet er opna opp att, og staden vert nytta til historieforteljing, refleksjon og opplevingar for tilreisande.

Eit nasjonalt kulturminne
Tangen er meir enn eit lokalt minnesmerke. Det er ein stad som knyter saman bureisinga på Helgeland med den tunge krigshistoria i Noreg. Uthuset står ikkje berre som eit minne frå eit hardt liv i oppbygginga av garden, men òg som eit sterkt symbol på offeret mange vanlege menneske gjorde for å sikre eit fritt land.
Ser du ikke filmen som skal spille her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "YouTube".
Kitty Lise Vassdal eigar av Tangen
Kulehol fra krigen
På eigedommen Tangen i Grane står gamle hus som ber på ei dramatisk og viktig historie.









