Skip to main content

Ei røykstove frå midten av 1800-talet på Nordre Skasdammen i Kongsvinger er i ferd med å bli sett i stand

Røykomnen under oppbygging Ferdig resultat

Under og etter istandsetjing. Dyktige fagfolk har vore med på prosjektet. Det har også vore skipa til kurs i denne spesielle handverksteknikken

Ingrid Torgersrud har fått liv i den gamle røykomnen, og planane er store for korleis huset kan brukast i framtida.

Målet er å ta vare på stova i mest mogleg opphavleg stand, samstundes som ho blir ein møtestad for gjester, skuleklassar, foreningar, bedrifter og alle som er interesserte i historia frå Finnskogen. Jaktlaget vil òg kunne bruke røykstova som overnattings- og samlingsplass under elgjakta.

– Vi legg vekt på tradisjonelle materialar og handverk i arbeidet, seier Torgersrud.

Ingrid Torgersrud og styreleiar Hanne Kristin Jakhelln.

Del av næringsverksemd

Torgersrud driv frå før overnattingsstaden Finnskogstua, og Mattilsynet har opna for at mat kan serverast i røykstua dersom ho blir laga på Finnskogstua og oppvasken teke tilbake dit. Røykstua har verken straum eller moderne fasilitetar, og det skal heller ikkje installerast.

Det er òg planar om å dyrke svedjerug ved stua – ei kornsort som blir brukt i brød og rundstykke på Finnskogstua. Med eit nytt museum på trappene i området, kan interessa for å sjå ei røykstue på opphavleg plass bli stor.

– Vi ser for oss å kombinere dette med matservering av gamle finnerettar, møteverksemd og turarrangement, seier eigar Ingrid Torgersrud.

Ingrid Torgersrud og rådgjevar Hans Johnson.
Nordre Skasdammen.

Kulturminne og historie

Røykstua har skogfinsk opphav og ber spor av endringar som fortel historia om korleis den skogfinske befolkninga vart forsøkt assimilert. Mange slike hus vart ombygde til vanlege våningshus med peis. Samstundes viser røykstova korleis folk i dei lågare sosiale laga levde, ettersom Nordre Skasdammen alltid har vore ein husmannsplass.

Støtte til istandsetjing

Kulturminnefondet har støtta tiltak for å setje i stand røykstua. Arbeidet omfattar mellom anna utbetring av råteskadar i tømmerkasse og kledning, måling av huset utvendig, restaurering av vindauge og dør, reparasjon av himling og tilbakeføring av utvendig trapp.

Det er òg gjeve tilskot til oppmuring av ein ny røykomn, med lafta ramme og naturstein frå nærområdet, bygging av luftekanal og tetting av taket med mose og sand. Planane inkluderer i tillegg eit nytt utedo og vedskjul, samt ferdigstilling av kjøkken i stova.

Med den nye satsinga vil røykstua ikkje berre bli bevart som kulturminne, men òg fungere som eit levande møtestad for historieformidling, kurs og opplevingar på Finnskogen.

Privacy Preference Center

Secret Link