Skip to main content

MS Jøsenfjord er det siste gjenværande lokalruteskipet i fylket og eiges av Jøsenfjord Rutlelag AL. Det er dei som har teke på seg ansvaret for å bevare dette skattkammeret av skipsbygging- og samferdselshistorie. 

Rutelaget har tilsaman fått 1,4 millionar kroner frå Kulturminnefondet til restaurering av salong og dekk.   

Skipet er eit viktig kulturminne som dokumenterer utviklinga i båe skipsbygging og samferdselshistorie over ei lang periode.

Hjelmeland, Ryfylke

Kvart einaste skip har si eiga historie, men få kan måle seg med historia til MS Jøsenfjord. Skipet vart bygd i 1886 og er eit vitne til over 135 år med utvikling innan skipsbygging og samferdsel. No er ho klar til å sigle igjen etter mange års restaurering på dokk. 

Rutelaget MS Jøsenfjord planlegg å bruke skipet til turistturar, utleige til blåturar, skulebesøk og opplæring, noko som gjer det til ei levande dokumentasjon av lokalrutetrafikken i Ryfylke i etterkrigstida. 

Skipet under arbeid på Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Privat

– Alle gler seg til å bruke skipet 

– Vi får stadig positive tilbakemeldingar. Mange har uttrykt kor flott arbeidet er utført, og alle gler seg til å få bruke skipet, fortel Geir Engelsgjerd i Jøsenfjord Rutelag AL. 

Skipet har vore på dokk sidan 2015 hos Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter (BDF) i Kristiansand. Det er eit nasjonalt fartøyvernsenter for verneverdige fartøy bygd i stål, og er båe eit levande mekanisk verkstad og ein kulturinstitusjon.  

Her har skipet vorte heilt ribba, og store delar av stålet har blitt skifta. Skipet vart i juni 2023 slepa til Hardanger Fartøyvernsenter for trearbeid. No er arbeidet med bakkdekk og salongdekk ferdig utført. 

Dei generasjonene som har fått opplevd skipet i Ryfylke i perioda 1930-1978 gler seg til å sjå Jøsenfjord i virke igjen. Gjennom oppbyggingsperioda får vi stadig tilbakemeldingar på historier og opplevingar som mange har hatt tidlegare. 

Støtta frå Kulturminnefondet har vore særdeles viktig. 

 – Prosjektet er veldig stort og går over fleire år. Støtta gjev det ei seriøsitet som gjer det lettare for oss i den vidare prosessen å søkje om midlar utover det offentlege. 

“Skipet er som ei historiebok”

Det er fleire forhold ved dette skipet som er spesielle. Jøsenfjord er det einaste som er i behold av skipa som gjekk til Ryfylke i forrige århundre. 

Eit anna særtrekk er alle ombyggingane og tilpassingane som har skjedd i løpet av 135 år.  

Riksantikvaren har uttalt at skipet er «ei historiebok» som viser utviklinga i skipsbygging og samferdselshistorie over ein lang periode. 

Tilpassingane dokumenterer utviklinga i både skipsbygging og samferdselshistorie over ei lang periode, inkludert korleis slike tilpassingar skjedde regionalt i Rogaland, seier direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet. 

Vart henta heim att igjen

MS Jøsenfjord vart bygd ved Christiansands Mekaniske Verktøy, og det vart sjøsett i 1886. I perioden frå 1929 til 1978 gjekk fartøyet i kystrutetrafikk i Ryfylke.  

Skipet vart seld til Tyskland i 1978, og nokre år seinare seld vidare til Schagen i Nederland, før det vart henta heim att i 2011 og restaureringa av fartøyet tok til. 

Jøsenfjord var i særs dårleg forfatning då skipet kom tilbake til Ryfylke.  

MS Jøsenfjord på 1970-talet. Foto: privat, frå søknaden til Kulturminnefondet

Mykje dugnad og støtte

Dei fekk stor støtte frå fleire i startfasen til innkjøp og heimtransport. Dei første åra vart det utført mykje dugnadsarbeid med rydding og klargjering for nødvendige skrogarbeid. 

– Vår erfaring med Kulturminnefondet i fleire søknadsrundar har vore særs positiv. Vi har hatt særs god kommunikasjon undervegs, og det er viktig å levere søknader med god dokumentasjon. Vi vil på det sterkaste anbefale andre å søkje, avslutter Geir.  

Rutelaget har også fått midlar frå andre ulike offentlege og private institusjonar, mellom anna 1 million kroner frå Vestenfjeldske og 3,5 millionar frå Ryfylkefondet, for å nemne dei største. 

Kulturminnene er viktig å bevare, slik at komande generasjoner får eit innblikk i korleis det var før i tida. Dette er med å gi gode dokumentasjoner på både korleis ein jobba og korleis materialer ein benytta. 

Privacy Preference Center

Secret Link