Høgt oppe i lia på solsida i Lom kommune ligg Gamlegarden Sygard Aukrust. Her har tida sett få spor etter moderne utbygging. Tunet, som truleg har lege samla sidan garden vart delt på 1600-talet, er framleis eit autentisk og heilskapleg kulturmiljø med bygningar frå fleire hundreår.
For eigarane Synnøve Aukrust og Erik Visdal handlar restaureringsarbeidet om meir enn å ta vare på gamle hus. Det handlar om å føre historia vidare.
Gjennom fleire år har dei restaurert bygning for bygning med støtte frå Kulturminnefondet. Til saman har fondet gjeve tilskot til fire ulike prosjekt som har sikra viktige delar av det historiske gardstunet. Det er stor eigeninnsats i prosjekta.
– Utan støtteordningar som Kulturminnefondet hadde mange nødvendige tiltak vore vanskelege å gjennomføre. Vi er svært takksam for at eigarar av gamle hus har ei ordning å vende seg til når dei ønskjer å ta vare på kulturarven. Støtta gjev ikkje berre økonomisk hjelp – ho gjev også motivasjon til å halde fram arbeidet, seier Synnøve Aukrust og Erik Visdal.
Frå eternitt til torvtak
Det om lag 300 år gamle stabburet er eit av dei eldste husa på garden. Opphavleg hadde det torvtak, men dette var ein gong erstatta med eternitt. Takutstikket hadde råteskadar, torvvollen var laus, trappestokken i front var i dårleg stand, og terrenget leidde vatn inn mot bygningen.
Med eit tilskot på 39 000 kroner frå Kulturminnefondet vart stabburet sett i stand og ført tilbake til eit tradisjonelt torvtak. Samstundes vart inngangspartiet reparert og terrenget rundt bygningen justert slik at vatnet blir leidd bort frå muren.
Steinmuren som rasa ut
Det gamle tømmerfjøset, truleg oppført kring 1911, kviler på ei kraftig steinsett kistemur. Då delar av muren rasa ut, vart det nødvendig å gripe inn for å sikre bygningen.
Kulturminnefondet gav 26 000 kroner i tilskot til å demontere og mure opp att den utrasa delen av muren. Arbeidet sikrar fundamentet og gjer at fjøset kan stå trygt i mange år framover.
Veslestova
Veslestova er eit bustadhus frå kring 1850. Gjennom historia har huset både vore kårbustad og grendeskule for barna i området. Bygningen er ein viktig del av det gamle gardstunet og fortel historia om livet på garden gjennom fleire generasjonar.
For å redde huset vart det gjennomført ei omfattande restaurering med demontering og remontering av stova, oppmuring av grunnmur, reparasjon av tømmer, takåsar og taktro, før huset igjen fekk tradisjonelt torvtak.
Til dette arbeidet gav Kulturminnefondet 200 000 kroner.
Mange reisande har no glede av å leige stove til kortare opphald.
Hovudbygningen
Den gamle hovudbygningen består av to samanbygde stover, der den eldste delen truleg er eldre enn år 1800. Her finst framleis opphavlege romløysingar, låge dører og mykje gamalt inventar som fortel om korleis folk levde på garden.
For å sikre bygningen mot vidare forfall gav Kulturminnefondet 30 000 kroner til nytt tak. Det gamle eternittaket vart fjerna og erstatta med ny tekking som vernar huset mot vêr og vind.
– Dette er eit strålande døme på korleis langsiktig innsats frå engasjerte eigarar kan ta vare på eit heilt kulturmiljø. Slike prosjekt viser kva vern gjennom aktiv bruk faktisk handlar om, seier Pia Wigtil, direktør i Kulturminnefondet.
Saman fortel bygningane historia om gardslivet i Gudbrandsdalen gjennom fleire hundre år. At det gamle tunet ligg urørt av nyare utbygging, gjer kulturmiljøet særleg verdifullt. Når dei ulike bygningane blir tekne vare på, blir også heilskapen bevart.
Sygard Aukrust viser kor mykje som kan oppnåast når kunnskap, tradisjonshandverk og eigarengasjement får arbeide saman. Resultatet er ikkje berre restaurerte bygningar, men eit levande gardstun som tek vare på historia – og gjer henne tilgjengeleg for framtida.












