Skip to main content

På eit småbruk i Lofoten har fjøset fått ei ny oppgåve: I dag blir bygningen brukt som kunstgalleri. Med støtte frå Kulturminnefondet kan eigarane ta vare på taket og halde fram med å bruke huset.

Galleri Eggum held til i fjøset på eit småbruk der hovudhuset er eit nordlandshus frå 1878. På eigedomen står òg eit lite uthus og eit naust. Bygningane fortel kvar sin del av historia om arbeid og kvardagsliv ved kysten.

Fjøset er oppført i tre og mur og måler om lag 13,3 meter i lengd og 5,2 meter i breidd. Gjennom årlege utbetringar har eigaren halde bygningen tett. No er eternittaket likevel i så dårleg stand at det må skiftast.

Kulturminnefondet har gitt 80 000 kroner i tilskot til omlegging av taket. Eternittplatene er sanert og erstatta med svarte takplater. Arbeidet er nødvendig for å sikre bygningen mot vidare skade.

Fjøset har fått ei heilt anna rolle enn det opphavleg hadde. For oss er det viktig å ta vare på bygningen, slik at vi kan halde fram med å bruke han som galleri, seier Rolf Aarø Arnesen.

I dag er det kunsten som trekkjer folk inn i det gamle fjøset. Biletkunstnar Rolf Aarøe Arnesen møter besøkande på Galleri Eggum, der sjølve bygningen er ein del av opplevinga. Den nye bruken gjer at fjøset framleis har ein funksjon på småbruket.

Pia Wigtil og Rolf Aarøe Arnesen

Når eit gammalt fjøs blir brukt som kunstgalleri, får fleire høve til å oppleve og bli kjende med bygningen. Her går bevaring og aktiv bruk hand i hand. Eit nytt tak er eit viktig steg for å sikre begge delar, seier direktør Pia Wigtil.

Prosjektet støttar opp under arbeidet med å bevare landbruksbygningar. På Eggum handlar det både om å ta vare på eit fjøs og om å gi det gode vilkår for vidare bruk. Taket er kanskje ikkje det første ein legg merke til når ein går inn i eit galleri, men det er avgjerande for at kunsten framleis skal ha ein plass der.

Les meir om Galleri Eggum

Privacy Preference Center

Secret Link