På Storkolstad har Anne-Marie Haave Kolstad og Aasmund Kolstad gjeve nytt liv til den gamle hovudbygningen på garden.
Ved sida av landbruket har familien satsa på restaurering av gamle hus for overnatting og servering, og det gamle våningshuset har no vorte eit samlingspunkt med plass til både gjester og arrangement.
Folk ønskjer å oppleve noko ekte.
- Dei gamle husa har ei eiga ro og stemning som mange set pris på, seier Anne-Marie Haave Kolstad.
Den store hovudbygningen på Kolstad Store har ei lang historie. Huset er ei tradisjonell laftekonstruksjon i to etasjar på om lag 200 kvadratmeter grunnflate, sett saman av minst to eldre bygningar. Den eldste delen, peisstugu, kan truleg daterast tilbake til tidleg 1700-tal. I 1859 vart bygningen bygd saman med midtgang og loft, noko innskrifter i mønsåsen fortel om.
Huset har stått nær uendra sidan tidleg 1900-tal. Fasaden er kledd med liggjande panel, og bygningen hadde opphavleg torvtak før han fekk skifertak rundt 1900. Gamle fotografi frå slutten av 1800-talet viser eit kvitmalt hus med okergule detaljar, eit uttrykk familien her teke vare på.
Ein stad for ferdsel og møte mellom folk
Kolstad har gjennom fleire hundreår vore markert som skysskifte på eit av dei eldste karta over Noreg frå 1762, og det er gjort funn av skillemynt og gjenstandar etter handel og aktivitet på eigedomen. Frå 1600-talet og fram til slutten av 1700-talet var det òg militær eksersisplass på garden, og offiserar både budde og leigde hus her. Seinare kom dei første turistane til Lesja, og gamle gjestebøker fortel om engelske reisande som vitja garden på 1800-talet.
No skal Lesja-familien å byggje vidare på denne tradisjonen. Dei har etablert eit gjestehus med sju doble rom, kjøkken og servering basert på eigne råvarer og lokale mattradisjonar. Satsinga skal bli ein del av eit større tilbod for reisande i området.
Restaureringa er gjennomført med vekt på berekraft og gjenbruk. Familien har mellom anna teke i bruk grunnvarme som energiløysing, og arbeider med miljøfyrtårnsertifisering.
Kulturminnefondet gav eit tilskot på 300 000 kroner til prosjektet. Midlane vart brukte til restaurering av vindauge og ytterdør med omramming, drenering og istandsetjing av mur, samt restaurering og måling av fasaden.
Støtta frå Kulturminnefondet har vore avgjerande
Tiltaka har vore viktige for å sikre bygningen og ta vare på særpreget til garden.
Tilskot til satsinga har også kome gjennom Innovasjon Noreg.
-
Vi har hatt eit godt samarbeid med Kulturminnefondet seier Asmund Kolstad. Han seier att satsinga byggjer på bevaring og aktiv bruk. Støtta frå Kulturminnefondet har vore avgjerande for dette prosjektet understrekar Kolstad.
Nå er arbeidet står ferdig, den gamle hovudbygningen vert fylt med liv, slik han har vore gjennom generasjonar






