Skip to main content

– Støtta frå Kulturminnefondet var heilt avgjerande. Om den ikkje hadde kome, ville bygget blitt rive.

Bruk skyve-verktøyet for å samanlikne før- og etter-biletet

Med støtte frå Kulturminnefondet er bygningen Vangen på Jeløya redda frå rivning. Etter omfattande istandsetting står huset no klart til å ta imot nye generasjonar – over hundre år etter at det vart reist som feriekoloni for barn frå Oslo.

Støtta frå Kulturminnefondet var heilt avgjerande. Om den ikkje hadde kome, ville bygget blitt rive. I dag, på opningsdagen, er det som 17. mai for oss, seier prosjektleiar Finn Humborstad.

Bygd på 1800 talet

Bygningen Vangen vart oppført på slutten av 1800-talet som kjøkken, opphaldsrom og sovesal for feriekoloni for barn frå hovudstaden. Her fekk barn oppleve natur, frisk luft og fellesskap ved sjøen.

Etter å ha stått tomt i fleire år på grunn av dårleg tilstand, stod huset i fare for å gå tapt. No er det redda, takka vere innsats frå eigarane ved Sjøhaug Naturistsenter og støtte frå Kulturminnefondet.

I prosjektet er det utført omfattande arbeid: drenering langs nordaustveggen, utskifting av råteskadde bjelkar, golvbord og kledning, istandsetting og flytting av vindauge, gjenopning av veranda og opparbeiding av universelt utforma trapp. Taket er demontert og lagt på nytt med undertak og takstein som liknar den originale.

Sjøhaug Naturistsenter ligg på Jeløya i Moss og omfattar campingplass, hytter og naturistbadestrand. Vangen skal framover nyttast til utleige for sommar­gjester på campingplassen. Leigetakarane er alt på plass for dei neste ti åra, og anlegget er ope for alle, også dagsbesøkande.

Finn Humborstad

– Vi har lagt mykje arbeid i å bevare bygget så originalt som mogleg. Anlegget er ope for alle, og uteområdet er på over 50 mål, påpeikar Finn Humborstad.

Kulturminnefondet har bidrege med 741 000 kroner til prosjektet, øyremerkt utvendig istandsetting av Vangen. Midlane gjekk til tak, kledning, vindauge, veranda og universell trapp, samt nødvendig drenering.

Vangen er eit godt døme på korleis kulturminne kan få nytt liv gjennom aktiv bruk. Prosjektet på Sjøhaug viser kor mykje eldsjelene betyr for å ta vare på historia, og samtidig skape framtidige møteplassar.

Prosjektet vart unnagjort på eit år

Privacy Preference Center

Secret Link