Skip to main content

I ei lita tørrstuggu på Vedum i Øyer vart kornet tørka med varme og eld. No har bygningen fått nytt liv – og fortel ei historie om klima, slit og oppfinnsemd gjennom fleire hundre år.

Prosjektet med å reparere og ta vare på bygningen er gjennomført med støtte frå Kulturminnefondet. For eigar og prosjektleiar Geir Halvor Vedum har arbeidet vore både eit handverksprosjekt og ei reise inn i lokalhistoria.

– Dette er jo ei lita historiebok for seg sjølv. Er du interessert i historie og gamle bygningar, er det artig å ha eit bygg som du kan plassere inn i ein større samanheng, seier Vedum.

Eit bygg for å berge kornet

Tørrstugger – eller tørkehus – var ein gong ein viktig del av landbruket mange stader i Noreg. Før moderne korntørker kunne dårleg vêr under innhaustinga få dramatiske konsekvensar. Kornet måtte vere tørt for å kunne lagrast og brukast til mat.

Når sola ikkje gjorde jobben, måtte bøndene ty til tekniske løysingar. I tørrstugga vart kornet lagt på hjeller – hyller av tre – og tørka ved hjelp av varme frå ein omn eller open eld.

Spora etter denne bruken er framleis tydelege i bygningen på Vedum. Hakk i tømmerveggene viser kvar hjellene ein gong stod, og øvst på veggene og takåsane er tømmeret mørkt og delvis forkulla etter sterk varme.

– Jo høgare opp i veggen du kjem, jo meir forkulla er det. Det tyder på at det har vore brukt hard varme her inne, fortel Vedum.

Korn frå fortida

Under restaureringa dukka det opp små spor etter tidlegare generasjonars arbeid.

– Eg reiv laus nokre gamle lister som sat i veggene, og då rann det ut korn. Det er korn som har lege der sidan bygningen vart brukt som tørrstuggu, seier Vedum.

Han tok vare på kornet – kanskje fleire hundre år gamalt.

– Eg har tenkt å så det til våren for å sjå om det spirer. Det kan vere bygg, men det får vi først vite dersom det faktisk veks fram.

Vedumsgardane – eit historisk landskap

Bygningen ligg på Vedumsgardane i Midtbygda i Øyer, rundt 450 meter over havet. Gardane ligg som eit klyngetun, og to av dei er framleis i aktiv drift med husdyrhald.

Historia på staden går langt tilbake. På 1200-talet gjorde kong Håkon Håkonsson Vedum til kongsgard. Like nedanfor går også den austlege pilegrimsleia mot Nidarosdomen i Trondheim.

Kvart år passerer hundrevis av pilegrimar garden på veg nordover.

– Vi meiner det er viktig å leggje til rette for gode kulturlandskapsopplevingar langs leia. Gamle bygningar er ein viktig del av det, seier Vedum.

Små hus som forsvann

Små uthus som tørrstugguer, smier og løer var tidlegare vanlege i jordbrukslandskapet. Etter kvart som dei gjekk ut av bruk, forsvann mange av dei.

– På dei fleste gardar var det mange slike små bygningar rundt omkring i landskapet. Når dei ikkje lenger var i bruk, fekk dei lite vedlikehald, og mange har forfalle eller blitt rivne. Det er synd, for dei representerer ei viktig kulturhistorie, seier Vedum.

Restaurering med respekt for handverket

Arbeidet med tørrstugga har mellom anna omfatta utskifting av råteskadd tømmer, nye takåsar, nytt tak, ny grunnmur og nytt golv. Målet har vore å ta vare på mest mogleg av det opphavlege uttrykket og bruke tradisjonelle metodar.

Direktør Pia Wigtil i Kulturminnefondet understrekar betydninga av slike prosjekt:

– Små bygningar som dette er viktige spor etter korleis folk har levd og arbeidd før oss. Når eigarar legg ned både tid og eigeninnsats for å ta vare på dei, bidreg det til å bevare viktige delar av kulturarven vår.

«Fun by Work»

Restaureringa har også vore eit familieprosjekt. Vedum kallar slike prosjekt for «Fun by Work» – arbeid som både er nyttig og gjevande.

– Det er mange som har vore innom og sett på prosjektet, og det er artig. Kanskje kan det også inspirere andre til å ta vare på slike bygningar, seier han.

Planen framover er enkel: Tørrstugga skal først og fremst få stå som eit tidsvitne i landskapet – eit lite bygg som fortel ei stor historie om livet på gardane i Gudbrandsdalen før i tida.

– Dette handlar eigentleg om kampen for å overleve. Folk måtte berge maten sin, uansett vêr. Når du tenkjer på det, blir eit slikt lite hus plutseleg ein del av ei mykje større historie.

Privacy Preference Center

Secret Link