Kårstad gård ligg på Biri i Gjøvik kommune og framstår som eit sjeldan heilskapleg og godt bevart gardstun. Våningshuset er oppført i 1830, med andre etasje frå kring 1840, og ei markant glasveranda bygd seint på 1800-talet.
I Befaringsrapport våningshus Kårstad frå desember 2023 peikar bygningsvernrådgivar hos Mjøsmuseet på at verandaen er ein sterk arkitektonisk markør, og at tunet samla utgjer eit uvanleg urørt og velartikulert antikvarisk kulturmiljø. Museet tilrådde tilskot til avgrensa, nødvendige tiltak på glasverandaen.
Kulturminnefondet løyvde kr 100 000 til prosjektet. Arbeida er utførte i tråd med føringane i rapporten, av Gimle tradisjonshåndverk.
Det vart avdekt råteskadar i delar av den berande konstruksjonen og i andre etasje, som no er varsamt reparerte. Berre skadde delar er skifta ut, med skjøting og tilpassing av svært høg handverksmessig kvalitet.
Glasrammer er pussa, kitta og reparerte, to vindauge er skifta ut med eldre glas, og heile verandaen er måla med tre strøk linoljemaling. Arbeidet er dokumentert i eigen arbeidsrapport frå handverkarane.
Verandaen er eit mykje brukt rom i kvardagen, særleg gjennom vår og sommar, og restaureringa har sikra både vidare bruk og bevaring av dei kulturhistoriske kvalitetane. Kårstad gård er eit godt døme på vern gjennom aktiv bruk – der godt fagarbeid gjer det mogleg å føre sterke kulturminne vidare på ein skånsam og berekraftig måte.









