Ei ny bok om treskjering, åklevev og levde liv. Boka syner korleis familieengasjement, fagleg kvalitet og målretta formidling kan gje nytt liv til eit kulturminne, og la historia leve vidare for nye generasjonar.
Då barnebarna til treskjeraren og Dagestad-eleven Ivar Høyvik og veverska Eli Høyvik frå Voss tok initiativ til å lage bok om besteforeldra sine, var målet klart: Historia deira fortente både grundig dokumentasjon og ei vakker ramme. Resultatet vart praktboka Drakar og åklevev – eit godt døme på korleis formidling kan gje nytt liv til eit fysisk kulturminne, og til menneska og handverket som høyrer til.

Prosjektet tok til for tre år sidan, då Eli Grete Høyvik samla slektningar ho meinte kunne bidra. Ivar og Eli Høyvik hadde til saman 29 barnebarn, og fleire av dei har delteke aktivt i arbeidet. Mellom desse er ekteparet Terje Geithus og Bodhild Laastad frå Dale.
Arbeidet byggjer på omfattande kjeldegransking – frå kyrkjebøker og arkiv til gamle utgåver av avisa Hordaland. Ambisjonen har heile vegen vore å skape ei bok som er både kunnskapsrik og visuelt sterk. Difor er det lagt stor vekt på redaksjonelt arbeid, formgjeving og biletkvalitet.
Boka er gjeven ut på Skald forlag i Leikanger, med redaktørarbeid ved Janne Nygård og design av Øystein Vidnes. Fotografia er tekne av profesjonelle fotografar, mellom dei Knut Bry, som med si særmerkte lyssetjing har gjeve kunsthandverket eit nytt og tidlaust uttrykk.
Formidling som del av heilskapen
Kulturminnefondet kan gje tilskot til formidling av fysiske kulturminne, mellom anna gjennom bøker, brosjyrar, film, utstillingar og andre tiltak. Fondet prioriterer særleg prosjekt der kulturminne tidlegare har fått støtte til istandsetjing – slik som Høyvikhuset. Tilskotet til bokprosjektet var på 40 000 kroner.
Den årlege potten til formidling er avgrensa, og gjennomsnittleg tilskot ligg på om lag 30 000 kroner. Difor vert det lagt vekt på både geografisk og tematisk breidde, og på variasjon i formidlingsformer.
Drakar og åklevev syner korleis eit relativt lite tilskot kan vere utløysande for eit prosjekt som skaper varig verdi – for familien, for lokalsamfunnet og for alle som får ta del i kulturarven gjennom nye forteljingar. Dette er formidling som gjev kulturminna ei stemme, og som let historia leve vidare.
Drakar og åklevev er trykt i 1 000 eksemplar og finansiert gjennom stor dugnadsinnsats, støtte frå Kulturminnefondet, Stiftelsen Ord og Form, Balestrand sogelag og innsamla midlar i Høyvik-slekta i Noreg og USA. Boka er til sals hjå Norli og Ark, ligg i Bokbasen og kan bestillast gjennom bokhandlarar over heile landet.





