På ei lita øy heilt aust i Finnmark ligg eit bygg som har overlevd både krig, samfunnsendringar og skiftande tider. Nordpol Kro i Vardø er ikkje berre ein pub eller ein møteplass. Det er eit levande kulturminne som fortel historia om pomorhandelen, fiskeria, gjenreisinga av Finnmark og menneska som har halde liv i staden gjennom generasjonar.
I den nyaste episoden av podkasten Arven vår møter vi Bjørn Bredesen, mannen som har drive Nordpol Kro sidan 1985. Familien hans overtok bygget frå Brodtkorb-familien i 1965, og i dag er Nordpol Kro eit av dei eldste serveringsstadene i Nord-Noreg som framleis er i drift.
Historia startar på 1800-talet, då bygget vart reist som ein del av den omfattande handelen mellom Finnmark og Nordvest-Russland. Tømmer frå Arkhangelsk, fiskehandel og internasjonale kontaktar la grunnlaget for verksemda. Gjennom fleire generasjonar har bygget vore både hotell, handelsstad og samlingspunkt.
Det som gjer Nordpol Kro ekstra spesiell, er at bygget overlevde dei omfattande bombeåtaka mot Vardø under andre verdskrigen. Medan store delar av byen vart lagde i ruinar, stod Nordpol Kro att som eit av få vitne til den eldre historia i byen.
Når ein kjem inn døra i dag, er det som å gå inn i eit lite museum. Veggane er fulle av fotografi, gjenstandar og forteljingar frå Vardø si historie. Bjørn har medvite valt å la bygget si historie styre restaureringa og utviklinga av staden.
– Alt anna ville vore feil. Bygget fortel si eiga historie, seier Bjørn Bredesen i podkasten
Gjennom fleire tiår har han brukt både tid, pengar og arbeidsinnsats på å halde kulturminnet ved like. Støtte frå Kulturminnefondet har mellom anna gjort det mogleg å restaurere vindauge og ytterveggar på ein måte som tek vare på dei historiske kvalitetane.
Samtidig er Bjørn oppteken av noko som står sentralt i Kulturminnefondet sitt arbeid: Kulturminne må vere i bruk.
– Hus utan bruk står berre og rotnar på rot. Det må vere lys i vindauga, seier Bjørn Bredesen.
Ser du ikke podkasten fra Spotify her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Spotify".






