Skip to main content

Stipendet på 50 000 kroner vart overrekt under ei høgtideleg markering på Nordpol Kro 17. september.

Heile styret i Kulturminnefondet var til stades under overrekkinga, saman med ordføraren i Vardø. Det var styreleiar Hanne Kristin Jakhelln som overrekte stipendet.

– Bjørn Bredesen har gjennom mange år teke vare på og levandegjort den rike lokalhistoria og kulturarven i Vardø. Med djup kunnskap og eit sterkt personleg engasjement gjer han historia tilgjengeleg og interessant for både fastbuande og tilreisande, sa Jakhelln under overrekkinga.

Styret i Kulturminnefondet ved Nordpol kro

Historia blir levande på Nordpol Kro

Nordpol Kro er ein viktig del av historia til Vardø. Gjennom forteljingar om menneske, hendingar og livet på kroa har Bjørn Bredesen gjort staden til ein levande arena for formidling av lokal kulturarv.

Historia om Brodtkorb-familien og dei mange menneska som gjennom tidene har vore knytte til Nordpol Kro, står sentralt i formidlinga. Bredesen kombinerer historisk kunnskap med levande og personlege forteljingar som skaper nærleik til fortida.

– God formidling handlar ikkje berre om å ta vare på kunnskap, men om å dele henne på ein måte som engasjerer nye menneske. Bjørn Bredesen viser korleis ein historisk stad kan bli ein møteplass mellom fortid og notid, sa Jakhelln.

Arbeidet hans har stor verdi både lokalt og regionalt. Gjennom møtet med gjester frå inn- og utland når historia om Vardø og Nordpol Kro også langt utover lokalsamfunnet.

96 nominasjonar

Kulturminnefondets formidlingsstipend vart oppretta i 2014. Formålet er å skape større merksemd om kulturminnevern i Noreg og løfte fram menneske som har gjort ein særleg innsats for å formidle erfaringar frå praktisk kulturminnevern.

Det kom inn 96 nominasjonar til stipendet i 2026.

Mottakaren skal kunne begeistre ulike målgrupper og vise korleis det er mogleg å redde og vidareføre kulturarven – også når oppgåva i utgangspunktet kan verke svært krevjande.

Kulturminnefondet deler kvart år også ut eit eige handverksstipend til ein ung tradisjonshandverkar.

Har kan du foreslå kandidat til årets håndverksstipend

Privacy Preference Center

Secret Link