Eg har fått tilskot
Når du får tilskot frå oss, må du akseptera det. Tilskot blir etterskotsvis utbetalt etter at me har fått rapport frå deg. Du har høve til å senda fleire delrapportar. Dersom det skjer endringar i prosjektet ditt, må du ta kontakt med saksbehandlarane våre for rådgiving.
Alle oppdateringar finn du på di side i søknadssenteret. Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med saksbehandlar.
Tilsegnsprosess
1. Aksept
Du må akseptera tilskotet. Dette gjer du i søknadssenteret. Då stadfestar du retningslinjer og vilkår for tilskotet.
2. Utbetaling av tilskot
For å få utbetalt tilskot må du rapportera for utført arbeid. Utbetalinga skjer etter at me har godkjent rapporten din. Du kan be om delutbetalingar undervegs, men prosjektet må vera avslutta før me kan utbetala siste del av tilskotet.
I rapporten beskriv du korleis arbeidet er utført. Du må leggja ved bilete, kopi av kvitteringar og faktura og dugnadsliste.
Viss kostnadene totalt i prosjektet blir lågare enn i budsjettet, vil tilskotet bli redusert.
Tilskotet dekkjer ikkje dugnad og eigne materiale, berre kjøp av varer og tenester.
Logg inn og send oppmoding om utbetalingar her.
Kulturminnefondet kan ved gjennomgang av rapportar be om ytterlegare dokumentasjon.
Endringar i prosjektet
Dersom det skjer endringar i prosjektet, skal du ta kontakt med Kulturminnefondet så snart som mogleg. Dette kan vera endringar i prosjektet, økonomi eller framdriftsplan. Dette kan til dømes vera å fjerna tiltak, leggja til tiltak eller få utsett fristen for å bli ferdige med prosjektet.
Generelle vilkår
Du kan ikkje overdra tilskotet til andre.
Prosjektet skal gjennomførast slik det står i vilkåra. Om du gir feilaktige opplysningar, eller prosjektet ikkje blir gjennomført etter vilkåra for tilskotet, kan me krevja at du betaler tilbake tilskotet heilt eller delvis.
Du må oppbevara rekneskapsbilag og annan rekneskapsdokumentasjon i fem år etter siste utbetaling.
Kulturminnefondet og Riksrevisjonen kan krevja innsyn for å kontrollera at tilskotet er brukt som føresett.
Ofte stilte spørsmål (FAQ)
Her har me samla eit knippe av dei vanlegaste spørsmåla i samband med tilskot. Finn du ikkje ut av det her, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.
Normalt bidreg Kulturminnefondet med 30 % av dei totale kostnadene for prosjektet.
Dugnad er eige eller andre sitt arbeid på fritid, og er fastsett til 350 kroner per time. Dette blir ikkje utbetalt, men blir berekna som både inntekt og utgift og inngår som ein del av den private finansieringa i prosjektet. Dugnaden skal dokumenterast med timelister.
Det er positivt at det blir gitt tilskot frå fleire, og er ikkje noko hinder for å få støtte frå Kulturminnefondet.
Du kan ta kontakt med saksbehandlar for fylket ditt for å avtala ei digital synfaring om du har behov for rettleiing. Den kan gjennomførast via Teams, FaceTime, telefon, eller e-post. Om det er dårleg dekning kan det avtalast at ein førehandsinnspelt video blir sendt frå staden.
Utbetaling av tilskotet skjer etterskotsvis. Logg inn for å rapportera arbeidet og utgiftene dine. Sjå vegen vidare her: Eg har fått tilskot – kva gjer eg no?
Dersom det må gjerast endringar i tiltak det er gitt støtte til, må du søkja om omdisponering. Me tilrår deg å ta kontakt med saksbehandlaren din for rettleiing.
Nei, det er ikkje krav om dette, men prosjektet må framleis gjennomførast som avtalt.
I avtalen om støtte står det kor stor prosentdel av kostnadene i prosjektet me støttar. Dersom kostnadene blir mindre, betaler me også ut mindre. Viss prosjektet har vorte dyrare, må du dekkja dei ekstra kostnadene sjølv.
Banner
Du kan få eit banner til å henga opp på vegg eller stillas på det igangverande prosjektet ditt, med teksten «Dette kulturminnet blir sett i stand med støtte frå Kulturminnefondet». Bestill banner ved å klikka her.
Skilt
Du kan få eit skilt med teksten «Dette kulturminnet er bevart for framtida med støtte frå Kulturminnefondet» til å henga opp på kulturminnet ditt. Bestill skilt ved å klikka her.