Skip to main content

Turen går til Norheimsund, der Pia Wigtil møter Tom Christian Lie Vikør – ein engasjert kulturminneentusiast med både gamle hus, bakstekjellar, røykstove og heilt spesielle køyretøy på samvitet.

Episoden byr på sterke forteljingar om tilhøyrsle og arv. Tom Christian har kjøpt og restaurert eit slektshus frå 1854, der oldemora hans ein gong låg for døden – men overlevde og levde nesten hundre år. I dag sit dei i same stova og snakkar om framtida.

Vi får òg høyre historia om den eldste attverande norske Volkswagen-bussen av sitt slag – ein 1954-modell med eit liv som rutebuss, drosje og lagerbil, før han vart redda og sett tilbake i stand med stor presisjon og internasjonal dugnad. Bilen har fått namnet Boblebussen – og vekkjer like stor entusiasme hos ein eittåring som hos bilhistorikarar.

Galskap eller kjærleik?

Gjennom samtalen deler Tom Christian både oppturar og utfordringar: om å bli sett på som gal i starten, om støtta som kjem når resultata byrjar å vise seg, og om korleis eit heilt bygdemiljø kan samlast rundt gamle hus og nye draumar. Over hundre menneske møtte opp då han opna dørene under Lys i gamle hus – langt fleire enn venta.

Episoden gir også konkrete råd til andre som drøymer om å ta vare på eit kulturminne:
– Spør folk som har gjort det før.
– Tenk deg om ein gong ekstra før du riv.
– Og ikkje gje deg om du får avslag – søk igjen.

Ein podkast om meir enn bygningar

Arven vår handlar ikkje berre om hus, bilar og restaurering. Han handlar om identitet, berekraft, fellesskap – og om kva vi vel å ta med oss vidare.

 

🎧 Podkasten er no ute –  bli med inn i historia.

Privacy Preference Center

Secret Link