Faste kulturminne
Ved store eller langvarige prosjekt, tilrår me at du deler opp prosjektet i mindre delar og startar med det som hastar mest og skal gjerast først. Til dømes kan du søkja om støtte til taket no sjølv om du seinare skal ta vindauga.
Alderen på kulturminnet er ikkje avgjerande for støtte, men me gir normalt ikkje støtte til kulturminne som er freda.
Du kan normalt ikkje få støtte til:
- Tiltak som er nesten eller heilt ferdig.
- Oppgraderingar og moderniseringar.
- VVS og elektriske installasjonar.
- Brannsikring.
- Kulturminne som er freda.
- Kyrkjer.
- Kulturminne som er i offentleg eige.
- Eigarar som får offentleg driftstøtte, som museum og trussamfunn.
- Løyst inventar, som møblar og bilete.
- Kopiering av kulturminne, med unntak av hageanlegg.
- Tekniske utgreiingar og forundersøkingar som tilstandsrapportar, årringsdateringar og fargeundersøkingar.
- Immateriell kulturarv, som dans, mat og språk.
Ofte stilte spørsmål (FAQ)
Her har me samla eit knippe av dei vanlegaste spørsmåla i samband med tilskot. Finn du ikkje ut av det her, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss.
Normalt bidreg Kulturminnefondet med 30 % av dei totale kostnadene for prosjektet.
Dugnad er eige eller andre sitt arbeid på fritid, og er fastsett til 350 kroner per time. Dette blir ikkje utbetalt, men blir berekna som både inntekt og utgift og inngår som ein del av den private finansieringa i prosjektet. Dugnaden skal dokumenterast med timelister.
Det er positivt at det blir gitt tilskot frå fleire, og er ikkje noko hinder for å få støtte frå Kulturminnefondet.
Du kan ta kontakt med saksbehandlar for fylket ditt for å avtala ei digital synfaring om du har behov for rettleiing. Den kan gjennomførast via Teams, FaceTime, telefon, eller e-post. Om det er dårleg dekning kan det avtalast at ein førehandsinnspelt video blir sendt frå staden.
Utbetaling av tilskotet skjer etterskotsvis. Logg inn for å rapportera arbeidet og utgiftene dine. Sjå vegen vidare her: Eg har fått tilskot – kva gjer eg no?
Dersom det må gjerast endringar i tiltak det er gitt støtte til, må du søkja om omdisponering. Me tilrår deg å ta kontakt med saksbehandlaren din for rettleiing.
Nei, det er ikkje krav om dette, men prosjektet må framleis gjennomførast som avtalt.
I avtalen om støtte står det kor stor prosentdel av kostnadene i prosjektet me støttar. Dersom kostnadene blir mindre, betaler me også ut mindre. Viss prosjektet har vorte dyrare, må du dekkja dei ekstra kostnadene sjølv.
Banner
Du kan få eit banner til å henga opp på vegg eller stillas på det igangverande prosjektet ditt, med teksten «Dette kulturminnet blir sett i stand med støtte frå Kulturminnefondet». Bestill banner ved å klikka her.
Skilt
Du kan få eit skilt med teksten «Dette kulturminnet er bevart for framtida med støtte frå Kulturminnefondet» til å henga opp på kulturminnet ditt. Bestill skilt ved å klikka her.