Ser du ikkje filmen som skal spela her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "Vimeo".
Om Kulturminnefondet
Me vart oppretta av Stortinget i 2002 og er underlagd Klima- og miljødepartementet. Her finn du forskrifta for vedtektene.
Visjonen vår er vern gjennom aktiv bruk. Sjå strategiplanen vår her.
Me får tildelingsbrev av Klima- og miljødepartementet.
Formål
Me skal bidra til å styrkja arbeid med å bevara verneverdige kulturminne slik at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan brukast som grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.
Kven kan søkja?
Private eigarar av kulturminne, frivillige organisasjonar, lag og foreiningar, anten dei eig kulturminne sjølv, eller forvaltar dei på vegner av andre private eigarar.
Kva kan det søkjast om?
Ta gjerne kontakt med oss
Innsyn i saksdokument
Søk i Kulturminnefondets offentlege journal i eInnsyn, og be om innsyn i dokument.
Slik gjer du det
- Åpne eInnsyn
- Søk på navn, kommune, tiltak eller saksnummer
- Velg saka og send inn innsynskrav
Om du ikkje finn dokument
Nokre dokument er ikkje publisert i eInnsyn, sjølv om sakea står i journal. Du kan likevel be om innsyn i eInnsyn. Du kan også sende e-post til post@kulturminnefondet.no
Søknad og tilskot
Nettlenkjer
Her finn du lenkjer til ressursar og nettsider som kan vera nyttige. Kulturminnefondet er ikkje ansvarleg for innhald på eksterne nettsider.
Forskrift og rapportar
Forskrift om vedtekter for Norsk kulturminnefond.
Tildelingsbrev og årsrapportar.
Sosiale medium
Kulturminnefondet på Facebook.
Kulturminnefondet på Instagram.
Offentlege etatar
Om Kulturminnefondet.
Klima- og miljødepartementet.
Kulturminnesøk hos Riksantikvaren.
Eit samarbeid mellom NHO Byggenæringen og Klima- og miljødepartementet.
Kulturminnevern
Norsk institutt for kulturminneforskning.
ICOMOS Norge.
#kulturminnefondet
Kulturminnefondet sin strategiplan
Kulturminnefondet sitt styre vedtok i 2021 gjeldande strategiplan.
Visjonen vår er vern gjennom aktiv bruk. Planen har klare målformuleringar som er spesifiserte i dei tre konkrete strategiane:
- Vere eit lågterskeltilbod for private eigarar.
- Vidareutvikle organisasjonen til det beste for dei private eigarane.
- Formidle moglegheitene for ny bruk, gjenbruk og transformasjon til private eigarar.
Kulturminnefondet sin strategiplan legg overordna rammer for verksemda. Planen har eit langsiktig perspektiv og er utarbeidd med brei deltaking i heile organisasjonen.
Kulturminnefondet vart oppretta i 2002 fordi det trongst eit lågterskeltilbod og ei reindyrka tilskotsordning.
Erfaringa vår er at vern og aktiv bruk må gå hand i hand. Eigarane må bli sett og høyrde.
Synspunkta deira er viktige, fordi det er dei private eigarane og dei frivillige organisasjonane som forvaltar storparten av dei verneverdige kulturmiljøa i Noreg. Utan motiverte eigarar hjelper det lite.
Kulturminnefondet prioriterer prosjekt som omfattar ombruk, sirkulær økonomi og næringsutvikling. For å få til praktiske løysingar, som gir grunnlag for framtidig bruk, er me moglegheitsorienterte i dialogen vår med eigarane av kulturmiljøa.
Gjennom denne strategien er det ei tydeleg føring. Både internt og eksternt. Me leitar etter løysingar på det som måtte vera av utfordringar. Me søkjer dialog og samarbeid. Me deler kompetansen vår. Me forstår at eigarane ikkje berre vil berga kulturmiljøa sine, men også bruka dei til å skapa nye verdiar i framtida. Me vil vera dei beste hjelparane til eigarane på denne vegen. Derfor er visjonen vår «vern gjennom aktiv bruk».
Kulturminnefondet skal vera ein attraktiv arbeidsplass ved å vektleggja inkludering, engasjement, samarbeid og truverd i det interne arbeidet vårt og i møte med publikum.
Strategiplanen inneheld strategiane våre for å koma eigarane i møte, vidareutvikla organisasjonen og bidra til at kulturminnevern blir eit sentralt bidrag i sirkulærøkonomien.
Tine Sundtoft, styreleiar, 2021