Høgt over Lustrafjorden, på Fodnastølen i Luster, har det gamle Hauglandsselet fått nytt liv. Etter eit omfattande restaureringsarbeid står selet igjen som eit levande kulturminne – bygd opp med stor respekt for den opphavlege bygningen og dei tradisjonane han representerer.
Då Tomas Kjørlaug overtok småbruket Røneid i 2024, var det eitt mål som peikte seg ut.
–
Det viktigaste for meg var å ta vare på bygningane. Selet på fjellstølen var i svært dårleg stand, men eg såg potensialet og ønskte å føre det tilbake til den utsjånaden det ein gong hadde, fortel Kjørlaug.
Det veglause stølsområdet ligg om lag ein halv times gange frå næraste bilveg. Det har gjort restaureringsarbeidet både krevjande og logistisk utfordrande.
Plukka ned og bygde opp att
Saman med Solvorn Laft og Bygg vart selet først dokumentert og skissa opp. Hausten 2025 vart bygningen merkt, plukka ned og frakta med helikopter til verkstad for restaurering gjennom vinteren.
Samtidig vart grunnmuren restaurert av sherpalaget til stibyggjar Geir Vetti. I løpet av 21 dagsverk vart muren fundamentert på nytt, steinane tilpassa og muren bygd opp att med stor presisjon.
Våren og sommaren 2026 kunne det restaurerte tømmeret flygast tilbake til stølen. Fem handverkarar brukte tre lange arbeidsdagar på å setje selet saman att.

– Arbeidet som er lagt ned er heilt imponerande. Dyktige handverkarar har kombinert tradisjonelle metodar med stor fagkunnskap, og resultatet viser kor mykje det betyr når eigarar og handverkarar har ei felles forståing av kulturminneverdiane, seier direktør Pia Wigtil i Kulturminnefondet.
Lokale materialar og gjenbruk
Eit viktig mål har vore å ta vare på mest mogleg av det opphavlege materialet.
Nytt tømmer er hogge og skore lokalt, medan store delar av det originale tømmeret er nytta om att. Ei av dørene er bygd av delar frå det gamle undertaket, og bølgjeblekkplatene på taket er gjenbrukte frå eit anna bygg på garden.
– Me har prøvd å bruke så mykje som mogleg av det gamle materialet. Det gjev bygningen identitet og fortel historia vidare. Samtidig har me nytta lokale ressursar der nytt materiale måtte til, seier Tomas Kjørlaug.
Inspirasjon for fleire
Planen er at selet framleis skal vere i bruk av garden, men Kjørlaug vurderer òg å opne for småskala reiseliv i tråd med oppmodingar frå kommunen.
Responsen frå lokalsamfunnet har vore overveldande.
– Eg har fått utruleg mange positive tilbakemeldingar. Det mest gledelege er kanskje at fleire eigarar på stølen no vurderer å restaurere sine eigne bygningar. Då ser ein korleis eitt prosjekt kan inspirere fleire til å ta vare på kulturarven, seier Kjørlaug.
Wigtil meiner prosjektet er eit godt døme på kva Kulturminnefondet ønskjer å bidra til.
– Kulturminne blir best tekne vare på når dei blir brukte. Prosjekt som dette viser korleis tradisjonshandverk, gjenbruk og aktiv bruk kan gå hand i hand. Samtidig skaper restaureringa verdiar langt utover sjølve bygningen, ved å inspirere andre eigarar og styrkje kulturmiljøet rundt stølen, seier ho.





