Kulturminnefondet har vedteke å løyve 180 000 kroner i støtte til Skulestovo på Tyssen i Voss herad. Dette er det fyrste prosjektet som får tilskot frå Kulturminnefondet i 2026.
Skulestova vart opphavleg bygd som Rongen kretsstove på Bolstad i 1865, og flytta til Tyssen i 1906. Bygget var i bruk som skule fram til 1960, før det vart teke i bruk som felles grendehus for dei fire gardsbruka i grenda. I dag står skulestova i stor grad uendra, med høg grad av autentisitet og mykje av det opphavlege preget bevart.
– Det er ekstra gledeleg at det første prosjektet vi støttar i 2026 er eit bygg som framleis er ein levande del av lokalsamfunnet. Skulestovo på Tyssen har stor lokalhistorisk verdi, og prosjektet viser korleis kulturminne kan takast vare på gjennom aktiv bruk, seier direktør Pia Wigtil i Kulturminnefondet.
Prosjektet omfattar takomlegging, drenering og maling. Den opphavlege takskiferen skal gjenbrukast, noko som bidreg til å bevare originale bygningsdelar og styrkjer den kulturhistoriske verdien. Arbeidet med taket skal utførast av handverkar, medan drenering og maling er planlagt gjennomført på dugnad.
I tillegg til støtta frå Kulturminnefondet er prosjektet finansiert med tilskot frå Voss Sparebank, Norsk Kulturarv gjennom ordninga Ta et tak, og Vestland fylkeskommune. Det ligg også føre ei historisk og kulturminnefagleg vurdering frå kulturminnerådgivar i Voss.

– Dette er eit prosjekt med god fagleg kvalitet og sterk lokal forankring. Når eigarar, frivillige og offentlege aktørar dreg i same retning, legg det eit solid grunnlag for å sikre kulturminne for framtida, seier Wigtil.
Skulestovo på Tyssen er tilrettelagd for lag, jubileum og sosiale samankomstar, og blir også nytta som enkel overnattingsstad. Målet er at bygget skal fungere vidare som ei levande møteplass og grendehus, med moglegheit for utleige som kan sikre inntekter til drift og vedlikehald i åra som kjem.
