
Kulturminnefondet gjev 220 000 kroner i tilskot til istandsetjing av eit stornaust på Sørfugløy i Gildeskål kommune. Med støtta skal naustet takast i ny og aktiv bruk som arena for formidling, kurs og opplevingar knytt til kystkulturen.

Stornaustet skal etter istandsetjinga nyttast til å formidle kunnskap om tradisjonsbåtar, båtbruk og handverk. Det skal òg leggjast til rette for kurs og aktivitetar innan kystkultur, samt opplevingar ved sjøen. I tillegg skal bygget vere ein samlingsstad for formidling av lokal historie og fiskerikultur. Målet er at naustet i framtida skal fungere som ein levande møteplass for læring og bevaring av kystkulturen.
Tilskotet skal gå til utskifting og skjøting av råteskadde stavar og band, omlegging av tak, reparasjon og utskifting av ytterpanel, reparasjon av dør og montering av golv i bakre del av naustet. Arbeidet skal gjennomførast med høg handverksmessig kvalitet og med respekt for bygningen sin eigenart.
Kulturminnefondet føreset at det vert lagt til grunn høgast mogleg grad av bevaring av dei opphavlege materiala og bygningsdelane. Der delar må bytast ut på grunn av skadar som ikkje kan reparerast, skal dei erstattast med materiale av tilsvarande kvalitet og dimensjonar som det som opphavleg vart nytta.
– Den aktive bruken som er planlagd, har vore avgjerande for prioriteringa av denne søknaden i konkurranse med mange andre gode prosjekt, seier Pia Wigtil i Kulturminnefondet.
Når eit naust vert sett i stand og fylt med nytt liv, vert ikkje berre bygningen teken vare på. Det skaper òg rom for kunnskapsoverføring, fellesskap og vidareføring av levande kystkultur.


