Prestgardslåna

Stiftinga Prestegardslåna i Melhus har fått støtte frå Kulturminnefondet til fleire delprosjekt.

Sidan 2004 er det gjeve støtte til å setja i stand, størhuset, stabburet, låna og låven. I tillegg har Kulturminnefondet støtta kursverksemd ved Bygningsvernsenteret.

Sted

Melhus kommune, Trøndelag

Verdiskaping

Båt og fartøy

Prestgardslåna i Melhus er redda. I spissen for redningsaksjonen finn vi ei engasjert kvinne ved namn Kristine Kaasa Moe. Ho har organisert eit imponerande arbeid til glede for heile bygda.

Prestgardslåna i Melhus

Ei periode såg det ikkje så ljost ut for låna. Ledelsen i kommunen planla å rive den gamle prestegarden, som dei hadde fått kjøpt av Staten i 1959. Dei gamle husa skulle fjernast for å gje plass til utviding av kyrkjegarden.

Styreleiar i stiftinga Kristine Kaasa Moe helsar Kulturminnefondet velkommen til gards.

Kristine Kaasa Moe likte ikkje denne tanken. Ho såg verdien i dei gamle husa. Ei spire vart sådd. Prestegarden kunne reddast. Men mange måtte hjelpe til.

Stiftelsen Prestegårdslåna i Melhus vart etablert i 2002. Bygdemobiliseringa hadde no gjeve det resultat at kommunen ville gje frå seg den gamle prestebustaden til ei privat, ideell stifting. Det er styret for stiftinga som i dag utgjer leiinga av eigedomen, heilt sjølvstendig frå kommunen og andre myndigheiter.

Prestegårdslåna er hovudbygningen på den gamle prestegarden. Midtre del av låna er truleg bygd i 1722 og det er oppført eit tilbygg i lengderetninga i 1745.
Prestegårdslåna er 37 meter lang og nå 300 år gamal.

I 1996 vart hus og hage freda av Riksantikvaren. Dette er eit kulturmiljø av nasjonal betydning og verdi.

– Vi er glade for den støtta vi har fått frå Kulturminnefondet til å setja i stand bygningane på prestegarden seier styreleiar i stiftinga, Kristine Kaasa Moe.

Prestegårdslåna er no sett i stand og sikra for framtida. Det same har skjedd med stabburet frå 1780. Lysthuset frå 1700-tallet er rekonstruert. Det same gjeld stakitt og gjerde. Om ikkje det var nok så har stiftinga også gjeve ut 15 bøker.

Den spira som vart sådd på 2000 talet hadde bore frukter.

Så vart nye planar lagt fram på styrebordet i stiftinga. Prestegardslåven frå 1928.

– Vi tok kontakt med Opplysningsvesenets fond med tankar om å utvikla eit bygningsvernsenter i låna og låven, fortel den engasjerte styreleiaren.

Tankane fekk god mottaking.

I august 2021 vart bygget gjeve i gåve til stiftinga frå Opplysningsvesenets fond.

Det er spanande å sjå at det var mykje gjenbruk av materialar frå dei gamle uthusbygningane på prestegarden når låven vart reist. Granskingar med dendrokronologi gjorde det mogleg å bestemme alder på treverket ved hjelp analyser av årringar. Tømmeret i stallen er frå 1886, det er all grunn til å tru at andre delar av låven syner seg å være monaleg eldre.

Det same har skjedd med stabburet frå 1780, som vart teke ned i 1959, men no er satt opp att.

Nå når stiftinga har teke over låven som høyrer prestegarden til, er det planar om ny bruk som vil gje både verdiskaping og føra til at mange fleire kan engasjera seg i kulturmiljøet. Prosjektet høver som hand i hanske inn i dei nye nasjonale måla på kulturmiljøfeltet.

Prestegårdslåna har lang erfaring med å ta imot både born og pensjonistar og få dei med på aktivitetar. Inne i låven skal det bli møterom og kontorlokale for bygningsvernsenteret. Det vil også bli lokale for verkstad, materialbank og lager. Kanskje kan det også vere dyr i låven i kortare periodar.

Ein vellukka redningsaksjon har vorte gjennomført. Ein stor takk til engasjerte eldsjeler som har lagt ned ein stor dugnadsinnsats i dette arbeidet. Det er fint for alle som likar å tenke på at enda eit viktig kulturmiljø i landet vårt er berga.