Skip to main content

Stabburet overlevde brannen

Midt mellom bustadblokkene på Ullern i Oslo ligg eit gammalt stabbur og ei lita dokkestove som minner om ei heilt anna tid. No har bebuarane gått saman om å ta vare på kulturminna – og fylle dei med nytt liv. I den nye episoden av podkasten Arven vår møter Pia Wigtil ei av eldsjelene bak arbeidet.

– Det er ikkje berre eit stabbur. Det er eit inkluderande stabbur, seier Cecilie Brewer.

Ho møter Pia Wigtil i det gamle stabburet på Øvre Ullern gard. Utanfor ligg ein grøn park omgjeven av bustader og fleire hundre menneske. Her finn vi spor etter ei historie som strekkjer seg langt tilbake.

Øvre Ullern gard vart rydda allereie i jernalderen. Garden har seinare vore knytt til både Nonneseter kloster og Hovudøya kloster, før han kom i privat eige i 1663. I 1866 kjøpte hoffsjef Herman Severin Løvenskiold garden.

I 1988 brann hovudbygningen og drengestova ned. Stabburet stod att, mellom anna takka vere innsatsen frå brannmannskapa.

I dag er det gamle stabburet ikkje berre eit minne om garden som ein gong låg her. Bebuarane har bestemt seg for å bruke det.

Her blir det arrangert bokkafé, og planane omfattar mellom anna små konsertar, utstillingar og andre aktivitetar. Rundt kulturminna har det vakse fram eit stort lokalt engasjement, med dugnadsarbeid og eigne grupper som tek vare på både parken, ruinane og bygningane.

– Eg likar å få ting gjort

I parken står også ei lita dokkestove frå 1800-talet.

Ho tilhøyrde Løvenskiold-familien og vart seinare flytta bort frå området. Mange år etterpå klarte ein engasjert bebuar å spore henne opp. Dokkestova vart gitt tilbake og frakta heim til Ullern – ein transport som mellom anna kravde politieskorte og litt kreativ problemløysing for å kome under ei bru.

Sidan er ho sett i stand og igjen blitt ein del av det historiske miljøet.

Cecilie Brewer har ingen bakgrunn frå bygningsvern. Ho er fysioterapeut og akupunktør. Men ho har budd på Ullern sidan 1982, voks opp like i nærleiken og var sjølv vitne til brannen på den gamle garden.

Då ho fekk høve til å engasjere seg i kulturminna, var det lett å seie ja.

– Eg likar å få ting gjort. Dersom eg seier ja til noko, så gjer eg det, fortel ho i podkasten.

Då rehabiliteringa av stabburet skulle avgjerast av sameiget, møtte over 100 menneske opp. Forslaget om å gå vidare med arbeidet vart samrøystes vedteke.

Det fortel mykje om kva som kan skje når eit kulturminne blir noko eit heilt lokalmiljø kjenner eigarskap til.

Kulturminne som skaper fellesskap

Historia frå Ullern viser at kulturminne kan vere langt meir enn spor etter fortida. Når bygningar blir tekne vare på og tekne i bruk, kan dei også bli møteplassar og skape nye fellesskap.

I stabburet kan folk møtast til bokkafé, konsertar og andre arrangement. Det gamle gårdsmiljøet har fått ein ny funksjon midt i eit moderne bustadområde.

Og kanskje er nettopp det noko av det finaste med kulturminne: Dei kan fortelje historia om dei som levde før oss – samstundes som dei får ein plass i livet til dei som bur der i dag.

I den nye episoden av Arven vår møter Pia Wigtil Cecilie Brewer til ein samtale om dugnadsånd, dokkestover, gamle gardsmiljø, pågangsmot, godt humør – og om korleis kulturminne kan få ei heilt ny rolle midt i ein moderne by.

For stabburet på Ullern handlar ikkje lenger berre om å ta vare på ein gammal bygning.

Det handlar om menneske som møtest.

Høyr den nye episoden av Arven vår der du høyrer podkast.

Arven vår er Kulturminnefondets podkast om menneska, engasjementet og historiene bak kulturminne i aktiv bruk over heile landet.

Privacy Preference Center

Secret Link