Eit godt døme på vern gjennom aktiv bruk


Onsdag 24. Juni gav styreleiar for Kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln ut den nasjonale plaketten for godt bevaringsarbeid for å heidra arbeidet:
Då skulebygget stod ferdig i 1904, var det ein stad for læring og felleskap. Over hundre år seinare samlast ein framleis her.
De har gjennomført eit imponerande restaureringsarbeid gjennom fleire fasar. Dette har sikra verdiane av kulturminnet, samtidig som staden har vorte til eit levande møtepunkt mellom generasjonar.
Gamleskulen på Giske er eit førebilete for andre og eit godt døme på vern gjennom aktiv bruk. De har bevart eit viktig kulturminne og har også sørgt for at nye minne blir skapte her.
Takk for innsatsen de har lagt ned, sa ho under tildelinga av plaketten.
Ein kulturell møteplass mellom generasjonar
Skulebygget på Giske stod ferdig i 1904. Sogelaget på Giske vedtok i 2018 å kjøpa kulturminnet for å berga dei historiske, samfunnsmessige og emosjonelle verdiane. Dei ville også utvikla staden til å bli eit levande møtepunkt mellom generasjonar.
No blir det arrangert ei rekkje ulike samlingar, som ungdomskafé, intimkonsertar marknad og går no under namnet Kulturhuset Gamleskulen.
Sogelaget har gjennomført restaureringsarbeidet i tre fasar. Alle delane med økonomisk støtte frå Kulturminnefondet. Mellom anna er tak, fasadar, golv, vegger og innvendig tak restaurert.

Mange var med på feringen
Over 40 stykke kom for å feira eldsjelene på Giske. Også Ordførar i Giske, Kenneth Langvatn og Hilde Arna Tokle Yri frå Møre og Romsdal fylkeskommune deltok.
Kulturminnefondets nasjonale plakett
Kulturminnefondets nasjonale plakett for godt bevaringsarbeid blir tildelt eit fåtal prosjekt årleg som særleg utmerkjer seg ved å ha overføringsverdi, vera allment tilgjengelege og bidra til berekraftig bevaring gjennom aktiv bruk.












