Langs Tveitelva i Omvikdalen står to bygningar som fortel om arbeid, handverk og fellesskap gjennom fleire generasjonar. Etter eit omfattande restaureringsarbeid kan både stampa og kverna igjen visast fram – og opplevast i bruk. Kulturminnefondet har bidrege med 130 000 kroner til delar av prosjektet.
Laurdag 31. oktober 2026 vart Stampo og Kvedno i Omvikjo opna. Besøkjande fekk sjå korleis kornet blir male og vadmålet stampa, slik vasskrafta ein gong dreiv arbeidet. Jazzverket urframførte «Stampeviseslåtten» av Ivar Baste, før anlegget vart opna og dei gamle arbeidsprosessane demonstrerte.
Opninga markerte slutten på eit stort arbeid – og byrjinga på eit nytt liv for dei to bygningane.
Ser du ikke filmen som skal spille her?
Klikk her for å endre dine personverninnstillinger ved å slå på "YouTube".
Vatnet dreiv arbeidet
Frå gammalt av hadde gardane i Omvik kverner langs Tveitelva. På 1800-talet kom også ei vassdrive stampa. Ho vart brukt til å tove vadmål: ullstoff som først vart vove og deretter stampa saman for å bli tettare, mjukare og betre til å halde på varmen.
Vasshjulet dreiv ein aksling med knastar. Dei løfta stampeplankane, som så fall ned på det våte vadmålet. Vatnet til både stampa og kverna kom gjennom eit system av vassveiter og renner frå elva.
Stampa hadde fleire funksjonar. Folk kom langvegsfrå for å få vadmålet sitt stampa. Tidleg på 1900-talet vart det også laga til ein dynamo som gav lys til fire bruk i Omvik. Då ullvarefabrikkane tok over arbeidet, gjekk den lokale drifta etter kvart ut av bruk.
Alderen på bygningane er ikkje kjend, men stampa er truleg eldre enn det ein kan sjå av dei siste driftsåra tidleg på 1900-talet. I dag er dette dei to bygningane som står att langs elva. Stampa er eit særmerkt kulturminne i Kvinnherad.
Frå forfall til levande kulturminne
Då arbeidet tok til, var bygningane i dårleg stand. Vassveiter, renner og hjul var borte, og tak og treverk trong omfattande arbeid. Omvik Stampe- og Kvednalag ville berge bygningane og gjere dei brukande att.
Arbeidet omfatta demontering og registrering av bygningane, før dei vart sette opp att nærare elva. Laget etablerte nytt vassinntak og ny vassveit, bygde fundament til kverna med den gamle mursteinen og laga ny sluk. Bygningane fekk furukledning, og tak, bjelkar og golvåsar vart sette i stand. Det vart også laga ny kvernkall, overfallshjul og stampeverk.
Kulturminnefondet har gitt 130 000 kroner i tilskot til delar av prosjektet. Støtta har vore med på å sikre at bygningane og kunnskapen om korleis dei fungerte, blir tekne vare på.
Ein stad å lære og oppleve
Når stampa og kverna blir viste i drift, blir historia konkret. Ein kan høyre lyden av vatnet og treverket, og sjå korleis krafta frå elva vart brukt til å male korn og bearbeide ull.
Det er vern gjennom aktiv bruk i praksis: Eit kulturminne blir teke vare på, samstundes som det blir ein stad der folk kan møtast, lære og oppleve lokalhistoria. Innsatsen frå Omvik Stampe- og Kvednalag har gitt nytt liv til viktige spor etter kvardagslivet og handverket i bygda.
Filmen om restaureringa er laga av filmskapar Merethe Offerdal Tveit.
Filmprosjektet har fått støtte frå Kulturminnefondet.












