Skip to main content

Frå fråflytting til formidling, eit kulturminne i aktiv bruk

På yttersida av Helgelandskysten ligg Nord‑Sandøy, ei lita øy med stort engasjement. Her har Jann Sandøy gjennom mange år gjeve nytt liv til eit 160 år gammalt fjøs, og samtidig skapt ein heilt eigen arena for kystkultur, læring og forsking. Prosjektet har fått støtte frå Kulturminnefondet.

Det som i utgangspunktet er ei fritidseigedom, har blitt ein heilårs møteplass for skuleelevar, forskarar, museum og lokalsamfunn. Slik viser prosjektet korleis gamle bygningar kan få ny relevans, og inspirere fleire til å ta vare på kulturarven.

-Når gamle bygningar blir ein ressurs for ny kunnskap, nye møte og nye generasjonar, da når også Kulturminnefondet sine mål, påpeikar direktør Pia Wigtil.

Jann Sandøy med to skikkelege kløvde rotkne som kom drivande i land på Sandøy. Treet var over 13 meter langt.

Eit unikt kulturmiljø ytterst i havet

Fjøsbygningen frå 1865 er del av eit større kulturmiljø med sju bygningar og anlegg, reist eller flytta til øya mellom midten av 1800-talet og 1920‑åra. Her finn vi rorbuer, kaianlegg, fyrlykt og eit lite telehus, alt saman eit levande døme på kystkulturen som har forma Træna gjennom generasjonar.

Helgeland Museum har samarbeidd med eigaren i mange år, og har nyleg gjennomført ei grundig tilstandsvurdering. Dei peiker på at bygningane viser ein imponerande grad av gjenbruk, tradisjonshandverk og lokal løysingsvilje, ressursar som i dag blir stadig viktigare.

Formidling som held historia levande

Det som skil Nord‑Sandøy frå mange andre enkeltprosjekt, er den sterke og aktive bruken bygningane har fått:

  • Skulen på Husøy nyttar fjøset og gjenstandssamlinga i undervisninga, og framhevar i si uttale kor verdifull denne læringsarenaen er.
  • Forskingsmiljø frå NIBIO brukar eigedomen i sitt arbeid med natur, berekraft og ressursforvaltning.
  • Helgeland Museum held samlingar her, særleg innan gjenbruk og tradisjonell tømring.
  • Gjennom formidling om dunværet og kystkulturen møter barn og unge ei rik historie – gjennom å sjå, røre og lære på ekte.

Det er nettopp denne typen bruk Kulturminnefondet legg vekt på.

Frå forfall til framtid

Etter fleire tiår med eigeninnsats, berekraftig materialbruk og målretta vedlikehald er tida no inne for å sette sjølve fjøsdelen i stand. Her skal båsar rensast og reparerast, golv sikrast, panel utbetrast og nye vindusforingar monterast.

Tiltaka er nødvendige både for sjølve bygningen – og for gjenstandssamlinga som i dag er utsett for salt, fukt og skadar. Med støtta frå Kulturminnefondet kan fjøset igjen bli ein trygg plass for både formidling og bevaring.

Prosjektet på Nord‑Sandøy er eit inspirerande døme på kvifor kulturminnevern betyr noko – og korleis enkeltpersonar kan gjere ein stor forskjell:

  • Det viser kor langt eigeninnsats og lokal skaperkraft kan bringe eit kulturminne.
  • Det viser korleis gjenbruk og tradisjonshandverk kan gje ny verdi i vår tid.
  • Og ikkje minst: Det viser at små kulturmiljø kan få stor betydning når dei blir delte med fleire.

Kulturminnefondet har tidlegare berre støtta tre faste kulturminne i Træna, og ingen i denne bygningskategorien. Nord‑Sandøy blir difor eit viktig referanseprosjekt – eit løft for både kystkulturen og for andre som vurderer å søke støtte.

Lyst til å gjere som Jann?

Gamle fjøsar, løer, rorbuer og små kulturmiljø rundt om i landet sit inne med store moglegheiter, både som historieberarar og som ressursar for lokalsamfunn.

Har du eit kulturminne du vil gi nytt liv?
Kulturminnefondet kan hjelpe deg vidare.

Her er oversikta over våre rådgjevarar.

Privacy Preference Center

Secret Link