Frå krigshistorie til levande kulturarv i lufta. Prosjektet i Bodø er svært vellukka.
Foto: Anders Utgård, Norsk Luftfartsmuseum
Eit fly frå andre verdskrigen har igjen fått liv i lufta over Noreg. Med støtte frå Kulturminnefondet har veteranflyet Noorduyn Norseman LN-TSN fått ny motor, nytt luftdyktigheitsbevis – og ei ny rolle som flygande formidlar av norsk luftfartshistorie.
Flyet vart bygd i Canada i 1944 og kom til Noreg i mars 1945, heilt på tampen av krigen. I dei første etterkrigsåra vart Norseman brukt til transportoppdrag, ambulanseflyging og andre oppdrag knytte til gjenoppbygginga av landet – særleg i Nord-Noreg.
– Dette er eit fly som ber med seg ei heilt spesiell historie frå ei avgjerande tid i Noreg. Når slike kulturminne blir sette i stand og brukt aktivt, får også publikum oppleve historia, seier direktør Pia Wigtil i Kulturminnefondet.
Flyet som kom heim
Etter krigen fekk flyet militær registrering R-AF i det norske flyvåpenet. I 1959 vart det selt til flypioneren Thor Solberg og fekk sivil registrering LN-TSN. Fire år seinare gjekk turen vidare til Sverige.
Over femti år seinare kom flyet heim att. I 2018 vart det kjøpt tilbake til Noreg av Norsk Luftfartsmuseum, og er i dag eigd av Norsk Luftfartssenter Bodø AS. Flyet blir operert i samarbeid med Norwegian Spitfire Foundation og fungerer som eit flygande formidlingsprosjekt.
– Det er eit stort privilegium å få vere med å bringe eit slikt fly tilbake i lufta. Då vi starta arbeidet, visste vi at dette kom til å krevje mykje innsats, men resultatet har blitt svært vellukka, seier initiativtakar Rolf Liland.
Ny motor – nytt liv
Prosjektet fekk støtte frå Kulturminnefondet til å restaurere og få flyet tilbake i operativ stand. Den ni-sylindra Pratt & Whitney R-1340 Wasp stjernemotoren måtte bytast ut eller overhalast.
Arbeidet omfatta innkjøp av motor frå USA, transport til Noreg, montering, testkøyring og resertifisering gjennom Luftfartstilsynet.
Resultatet vart ei etterlengta første flyging, den første sidan før pandemien.

– Når eit historisk fly igjen kan ta av frå rullebana, er det ikkje berre eit teknisk resultat. Det er eit stykke historie som får venger på nytt, seier Pia Wigtil i Kulturminnefondet.
Levande formidling i heile landet
I dag er LN-TSN truleg det einaste luftdyktige Norseman-flyet i Europa. Det gjer flyet ettertrakta på flydagar og arrangement både i Noreg og internasjonalt.
Med over 40 sivile flyplassar rundt om i landet kan flyet reise frå stad til stad og møte publikum der dei er. På flydagar og arrangement får folk oppleve lyd, lukt og rørsle frå ein flytype som ein gong var ein viktig del av norsk luftfart.
Samtidig blir viktig kunnskap teken vare på:
- korleis ein flyr historiske fly med halehjul
- korleis ein vedlikeheld duk- og trekonstruksjonar
- korleis ein held eit historisk luftfartøy operativt
Vonar fleire tek vare på rullande og bevegeleg kulturarv
Kulturminnefondet støttar kvart år ei rekkje prosjekt som tek vare på kulturminne gjennom aktiv bruk. Historiske fartøy, bygningar, tekniske installasjonar og andre kulturminne kan få nytt liv gjennom slike prosjekt.
– LN-TSN viser kva som er mogleg når entusiasme, fagkunnskap og frivillig innsats møtest. Vi håpar slike prosjekt kan inspirere fleire til å ta vare på vår bevegelege kulturarv, seier Wigtil.
Ho oppmodar eigarar av kulturminne til å ta kontakt og søkje støtte.
– Rundt om i Noreg finst det mange unike kulturminne som berre ventar på å bli tekne i bruk igjen. Når historia får leve vidare, anten det er i eit fly, eit fartøy eller eit gammalt hus, skapar det både kunnskap, stoltheit og nye opplevingar.
Her kan du søke støtte til ditt beveglege kulturminne.
Våre dyktige rådgivere er også klare til å hjelpe deg med ditt prosjekt. Her er kontaktopplysningar.














